Hopp til innhold

Sigrid har ein bit i fredsprisen

Jubelen ljoma høgt hos Sigrid Heiberg frå Kaupanger då det vart kjent at den internasjonale kampanjen mot atomvåpen (ICAN) får årets fredspris.

Sigrid Heiberg.

PRISVINNAR: Sigrid Heiberg med atomavtalen i hovudforsamlinga til FN, der ho sjølv var tilstades då den vart vedteken. ICAN har bidrege til at denne avtalen kom i stand.

Foto: porten.no

– Det var heilt utruleg. Eg tenkte det kunne vere ein teoretisk sjanse, men det var ikkje i tankane mine i det heile teke. Brått seg eg det berre rant inn med meldingar, e-postar og telefonar. Då skjøna eg at det hadde skjedd, at vi hadde fått fredsprisen, smiler Heiberg.

Offentleggjeringa av prisen skjedde fredag kl. 11 i Oslo.

– Det er kjempeoverraskande, men når eg tenkjer meg om er det ikkje så rart. Det er så utruleg viktig og så utruleg stort. Eg er så stolt og så glad for dette her, held ho fram.

Inntil i fjor var kaupanger-kvinna politisk rådgjevar og kampanjekoordinator for ICAN Norge, men då regjeringa kutta i løyvingane måtte ho finne seg ein annan jobb. No jobbar ho som frivillig for organisasjonen.

Var til stades i FN

7. juli i år var ho sjølv til stades då FN si hovudforsamling vedtok avtalen som forbyr utvikling, lagring, bruk og trussel om bruk av atomvåpen. 122 land stemte for, 1 land stemte mot, 1 land avstod frå å stemme, medan 69 lét vere å stemme. Blant dei 69 var Norge og resten av Nato-landa og atommaktene.

ICAN er ein internasjonal paraplyorganisasjon for alle organisasjonar som jobbar for å forby atomvåpen. Heiberg seier ho ser på Nobels fredspris som ei anerkjenning av arbeidet ICAN gjer. Men ho meiner prisen også er ei anerkjenning av alle atomoverlevande, aktivistar og ekspertar som har jobba for eit forbod i snart 70 år.

– Eg håpar det har ein politisk effekt som gjer at fleire land sluttar seg til avtalen som forbyr atomvåpen, seier Heiberg.

Delte meiningar

Frå politisk hald har det kome delte meiningar. Utanriksminister Børge Brende (H) seier regjeringa ikkje vil endre politikken sin.

Brende meiner det ikkje er mogleg for Noreg, som Nato-medlem, å skrive under ein FN-traktat som forbyr atomvåpen. Dette fordi Nato har atomvåpen, og vil halde fram med det så lenge land som til dømes Nord-Korea, Russland, Kina og Pakistan har slike våpen.

Brende er redd for at traktaten med forbod mot atomvåpen, som fredsprisvinnaren ICAN har teke initiativet til, kan svekkje ikkje spreiingsavtalen. Han meiner det viktigaste er å hindre at nye land skaffar seg slike våpen.