Hopp til innhold

– FN-traktaten mot atomvåpen er eit slag i lufta

– Eit forbod mot atomvåpen er ein blindveg og eit slag i lufta, så lenge atomvåpenmaktene ikkje er med, seier utanriksminister Børge Brende (H).

Børeg Brende forsvarer kritikken av ICAN

VIDEO: Børge Brende i Dagsrevyen.

Brende meiner det ikkje er mogleg for Noreg, som Nato-medlem, å skrive under ein FN-traktat som forbyr atomvåpen. Dette fordi Nato har atomvåpen, og vil halde fram med det så lenge land som til dømes Nord-Korea, Russland, Kina og Pakistan harn slike våpen.

Brende er redd for at traktaten med forbod mot atomvåpen, som fredsprisvinnaren ICAN har teke initiativet til, kan svekkje ikkje spreiingsavtalen. Han meiner det viktigaste er å hindre at nye land skaffar seg slike våpen.

– Ein bindande traktat

Han minner om at avtalen det er snakk om er ein bindande traktat, som må ratifiserast av Stortinget. Det vil forplikte at dei landa som underteiknar avtalen til ikkje å ha atomvåpen.

– Så lenge vi er medlem i Nato, kan vi ikkje gå inn for eit forbod, seier Brende til NRK.

Han viser til det Natos generalsekretær og tidlegare statsminister for Ap, Jens Stoltenberg, har sagt i sin reaksjon. Å skrive under avtalen kan vere med å svekkje Nato.

Brende står fast på at så lenge andre land har atomvåpen, må også Nato ha det.

– Denne traktaten vil ikkje føre til reell nedrusting og fjernar ikkje eit einaste atomvåpen. Vi må inn i prosessar der atommaktene er med, seier han.

ICAN-lederen: – Sender en klar beskjed til alle atommakter

2013: Tok initiativ til kamp mot atomvåpen 2017: Kritiserer FNs atomvåpenforbud

– Har gratulert vinnaren

Utanriksministeren presiserer at både han og statsministeren har gratulert fredsprisvinnaren ICAN, men at regjeringa ikkje har planar om å endre politikk på dette området.

Brende uttalte seg i april i år det faktum at Noreg ikkje ville vere med i forhandlingar I FN om eit atomvåpenforbod, var eit klart vegval mot populisme og enkle løysingar på komplekse problem.

I dag har Utanriksdepartementet presisert at Brende ikkje har karakterisert ICAN som populistiske, men tilhengjarane av ein FN-traktaten.

Støre krever svar fra regjeringa om atomvåpen-forbud

Norsk professor nominerte vinneren: – Jeg er imponert over arbeidet deres

AKTUELT NÅ