Hopp til innhold

Shroot storspelte til ingen nytte

SOGNDAL-HØDD 1-1 (NRK): Robin Shroot var kampens store spelar, men mot gamle lagkameratar heldt det berre nesten.

Sogndal går skuffa av bana

TRIST REPRISE: Robin Shroot (til venstre) og Kristian Fardal Opseth hadde nok av sjansar til å avgjere mot Hødd. Men for andre gong på to kampar glapp sigeren på overtid for Sogndal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I kontrast til den tamme førestillinga i førre kamp, var Sogndal med på notane frå første spark og skapte nok av sjansar til å avgjere mot Hødd. Best av alle var Robin Shroot, som fekk spissplassen frå Mahatma Otoo.

Trass scoring og storspel var det ein skuffa engelskmann som møtte pressa etter kampen.

– Vi føler vi burde tatt tre poeng i ein tøff kamp. Alle er sjølvsagt knuste etter å tapt på overtid. Men det er ein del av fotballen, seier Shroot.

(Artikkelen held fram under intervjuet)

Robin Shroot fekk tilliten frå start. Engelskmannen storspelte mot gamle lagkameratar, men ei sein scoring frå bortelaget øydela jubeldagen.

NESTENHELT: Robin Shroot er skuffa over at Sogndal nok ein gong rota vekk sigeren på slutten. (Video: Heidi Lise Bakk/NRK)

Ville ikkje juble mot gamleklubben

For Shroot kunne fort ha blitt den store helten. Ikkje berre scora han det som lenge såg ut til å bli vinnarmålet. Engelskmannen storspelte til tider på Fosshaugane og vart fortent kåra til banens beste.

Shroot scora mot Hødd

FEIRA IKKJE: Robin Shroot nektar å feire etter å ha scora 1-0 målet mot gamleklubben Hødd.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg prøver eg å gjere det beste for meg og laget. Vi har svoltne spelarar og tanken om opprykk er med å drive oss kvar dag, seier han.

Etter 13 minutt sette han inn 1-0 på vakkert vis. Ein stor opptur etter å ha slite med skader, men Shroot var aldri inne på tanken om å feire mot laget han kom frå før sesongen.

– Eg kunne aldri feire mot eit lag som har gjort så mykje for meg. Då eg stod utanfor laget i England, tok dei ein stor sjanse med å hente meg. Eg skuldar dei så mykje, så eg kunne aldri gni det inn mot dei.

Får ros av trenaren

Etter to bitre poengtap er den engelske spissen likevel mest opptatt av å framheve det positive.

Shroot nær ved å doble

NÆR VED Å DOBLE: Så nære var Robin Shroot å putte sitt andre mål for dagen. Men ei feberredning frå Ole-Monrad Alme i høddburet hindrar scoring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det viser kor langt vi har kome, når vi er skuffa over å vere berre tolv poeng føre på tabellen og ikkje femten, seier Shroot.

Ein skuffa trenar, Eirik Bakke, har ingen problem med å rose Robin Shroot for innsatsen.

– Shroot viste at han er gira og har lyst å spele. Det er berre synd at han ikkje kunne bli matchvinnar, for det fortente han, seier han.

(Artikkelen held fram under intervjuet)

Sogndaltrenar Eirik Bakke vil ikkje skulde poengtapa på det tøffe kampprogrammet.

– MÅ SETTA SJANSANE: Trenar Eirik Bakke meiner laget har seg sjølve å takke for at det ikkje vart tre poeng. (Video: Heidi Lise Bakk/NRK)

Ein kamp igjen før ferien

Bakke vil ikkje skulda poengtapa på det tøffe kampprogrammet i det siste.

– Det er det same for Hødd, så det går ikkje å skulde på det, seier Bakke.

Søndag om åtte dagar ventar ein siste bortekamp mot Strømmen, før spelarane kan ta ein velfortent og sårt tiltrengt sommarferie.

Men først må dei leggje bak seg nok eit sviande poengtap.

– Kampane varer til dommaren bles. Vi kan vere sure for at vi ryk på overtid. Men vi må sette sjansane sjølve for å vinne, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..