Hopp til innhold

Blei slått - ringde sjølv etter ambulanse

Ein mann blei sendt til sjukehus med brotskadar i ansiktet etter eit slagsmål natt til laurdag.

– Mannen i 30-åra ringde sjølv etter ambulanse og sa han hadde blitt slått i ansiktet. Det var vanskeleg å forstå kor han var. Mannen sa først han var i Bergen, men det viste seg å vere Svelgen, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

Mannen hadde både hevelse og kutt i ansiktet etter at ein mann i 20-åra skal ha slått til han.

– Fornærma blei sett til av legevakt. Legen sende mannen vidare til Førde sentralsjukehus med mistanke om brot i ansiktet, seier Magnussen.

Slagsmålet skjedde i ein bustad i Svelgen, og politiet arresterte mistenkte seinare på natta.

– Det var fleire personar i huset då dette skjedde. Vi arresterte ein mann i 20-åra seinare på natta utan dramatikk, seier Magnussen.

Ville sove på feil hotell

Natt til laurdag var prega av mykje rus. I Nordfjord ville ein rusa mann i 20-åra legge seg i hotellsenga si for natta, men det var eitt problem.

– Mannen budde på eit heilt anna hotell enn det han var på. Han visste ikkje kor han skulle og han var heller ikkje kjent i området. Han fekk skyss av politiet til rett hotell, seier Magnussen.

I Førde fekk politiet melding om ein rusa mann i 20-åra på ein bensinstasjon.

– Då var det like greitt at politiet køyrde han heim til foreldra, seier Magnussen.