Hopp til innhold

Set ned farten i 12 tunnelar

Farten i 12 tunnelar i Sogn og Fjordane vert sett ned til 70 kilometer i timen, for å redusere faren for møteulykker.

Tunnelar

Tunnelar - LÅGARE FART: Desse tre tunnelane er blant dei som kan få nedsett fartsgrense. f.v. Ospelitunnelen, Lotetunnelen og Magnhildskartunnelen. - Foto: Arne Stubhaug/Ottar Starheim / NRK LÅGARE FART: Desse tre tunnelane er blant dei som får nedsett fartsgrense. f.v. Ospelitunnelen, Lotetunnelen og Magnhildskartunnelen.

Foto: Arne Stubhaug/Ottar Starheim / NRK

Hovudutvalet for samferdsle hadde saka på sitt bord onsdag, og gjekk inn for å redusere farten, slik Vegvesenet har bedd om.

– Vi gjorde eit vedtak i tråd med tilrådinga frå Vegvesenet. Det blir ein mellombels reduksjon i farten i desse tunnelane, seier leiar i hovudutvalet for samferdsle, Arnstein Menes.

Skjer så raskt som råd

Etter brannen i Gudvangatunnelen på E16 hausten 2013 har Vegvesenet vurdert tryggleiken i tunnelane i Sogn og Fjordane på nytt. Tolv av tunnelane peikar seg ut som verstingane på vegnettet i fylket, og det er desse som no får redusert fart.

Nøyaktig kor raskt det vil gå å få redusert fartsgrensa, kan ikkje Menes svare på.

– Det blir så raskt som Vegvesenet kan få sett det i verk. Vi har gitt ei fråsegn, så det tek sikkert litt tid, men om ikkje lenge, er det nok på plass, seier Menes.

Det mest aktuelle strakstiltaket

Vegvesenet meiner at redusert fartsgrense er det mest aktuelle strakstiltaket for å minske risikoen for ulykker i desse tunnelane.

– På sikt håpar vi å få oppgradert tunnelane til ein betre standard, men det er kostnadskrevjande og det vil ta lang tid, seier Magna Vangsnes i Statens vegvesen.

I vurderinga har Vegvesenet lagt mest vekt på at låge tunnelar med liten breidde har eit potensial for møteulykker, med dei konsekvensane det kan få.

I tillegg har Vegvesenet teke omsyn til trafikkmengd, talet på tunge køyretøy, kurvatur og stigning då det påverkar risikoen for at det skal skje ei ulykke.

Har vurdert tunnelar over 500 meter

Omfanget av utrusting i tunnelen er også viktig, då det kan ha noko å seie for konsekvensane ved ei ulykke.

Vegvesenet har vurdert tunnelane på riks- og fylkesvegnettet som er over fem hundre meter. For tunnelar over fem kilometer er Vegdirektoratet i gang med ein gjennomgang av retningslinjer, og Vegvesenet har bestemt seg for å vente på desse.

Det er òg tunnelar som har breidde og høgde som er større enn dei tunnelane som er føreslegne i tiltaka frå Statens vegvesen.

NRK oppdaterer saka