I Aftenposten måndag kallar Solvik Olsen det å kaste pengar ut glaset å ruste opp tunnelar som er planlagd stengt, og brukar Strynfjellstunnelane som døme.
– Strynefjellstunnelen står jo omtalt i Nasjonal Transportplan NTP. Der står det jo at ein i den første halvdelen av planen skal vi vedlikehalde tunnelen, i andre halvdelen av planen skal vi byrje å bygge ny trasé.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det meiner Solvik-Olsen er å kaste pengar ut av vindauge. Vedlikehalde noko på kort sikt, som ein seinare i same 10-års planperiode planlegg å bygge ein erstatning for.
– Dette er noko av det som har overraska meg mest som statsråd
– Dette er musikk i mine øyre seier Rolf Olav Tenden, som er fylkesleiar i Lastebileigarforbundet.
– Dette er ting vi har meint heile tida. No må vi ikkje bruke masse pengar på eksisterande tunnelar, samstundes som ein planlegg ein ny på sida.
Han fryktar at det då endar med at alt blir dytta ut i tid.
Vil heller vente på ny tunnel
– Får vi lovnadar om prosjekt som kan gjennomførast og nye tunnelløysingar som kan kome. Då vil vi heller vente med utbetringane som er føreslegne og heller søke dispensasjon frå dei nye brannføreskriftene til ein ny tunnel er på plass
– Meiner du dei utbetringa som er gjorde i Strynefjelltunnelane dei siste åra har vore bortkasta?
– Nei, den jobben som har vore gjort dei siste tre åra har vore heilt naudsynt. For det første så måtte tunnelane tettast for vatn, og dei har fått asfaltert noko som også var naudsynt. Per i dag er tunnelane gode å køyre, men dei er for tronge.
Solvik-Olsen ser parallellar til Forsvaret som dei seinare åra har investert for tresifra millionar i basar og anlegg som like etterpå har blitt lagt ned.
– Det er då vi må kunne sjå langsiktig og heilskapleg på om vi ikkje får meir igjen for pengane ved å bygge den nye traseen raskare.