Hopp til innhold

Sensasjonelt gravfunn i Førde

Arkeologar har funne eit stort forhistorisk gravfelt på Vie i Førde. Gravfeltet kan vere opptil 3000 år gamalt.

Her på Bøbakkane har arkeologar funne det sjeldne fornminnet.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad seier til avisa Firda at funnet er ein sensasjon.

Konsekvensar for bustadfelt

Det finst berre tre tilsvarande gravfelt på Vestlandet. Ifølgje Erikstad kan dette få konsekvensar for eit bustadfelt som er planlagt i området.

Ingebjørg Erikstad
Foto: NRK

Det er førebels uvisst kor mange graver feltet inneheld. Ingebjørg Erikstad ser ikkje bort frå at ein del av gravfeltet kan ha forsvunne då eit sandtak i området kom i drift.

- Eit mysterium kan vere løyst

Gravfeltet kan daterast til yngre bronsealder eller tidleg jernalder, med andre ord vart det nytta frå om lag tusen år før Kristi fødsel fram til nokre hundreår etter. Fagfolka ser ikkje bort frå at feltet kan ha vore i bruk heilt fram til landet vart kristna.

- Det har vore eit mysterium at ein tidlegare ikkje har funne fleire graver knytt til gardane i Førde. Men med funnet i Bøbakkane på Vie kan mysteriet vere løyst, seier fylkeskultursjef Ingebjørg Erikstad til Firda. Ho seier funnet gir heilt ny kunnskap om Førde.

 

Desse mosegrodde steinane viser seg å vere deler av ei gravrøys.
Foto: Cosmin Cosma / NRK