NRK Meny
Normal

Sendt med luftambulanse etter arbeidsulukke

Ein mann er sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus etter ei ulukke i Vik.

Laster kart, vennligst vent...

VIK: Arbeidsulukka skjedde i Vik på tysdag føremiddag.

Mannen fall ned frå ein lastebil og var medvitslaus etter uhellet, skriv politiet på Twitter.

Helse Førde melder på Twitter at det er snakk om fall- og klemskade. Ambulanse, lege og luftambulanse blei sendt til staden.

Fallulukka skjedde i samband med lasting av varer. Politiet fekk meldinga kl. 11.30. Det vert no gjort avhøyr av vitner.

Vegopning på Bergum i Førde kommune