Hopp til innhold

Selje vil ha Nordfjordeid som kommunesenter

Selje har ombestemt seg. Grunnen skal vere at dei vart betre mottekne i Eid enn i Vågsøy.

Stein Robert Osdal, ordførar i Selje

POSITIV: Stein Robert Osdal har snudd, og vil no ha kommunesenter på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I tidlegare forhandlingar om kommunesamanslåing har Selje støtta Vågsøy sitt krav om Måløy som kommunesenter i ei ny storkommune. No har dei snudd. Dei vart betre motteke i Eid og meiner dei har meir til felles ifølge Selje-ordførar Stein Robert Osdal. No blir kommunestyra oppfordra til å starte arbeidet med ei intensjonsavtale i neste veke.

Det var Fjordenes Tidende som fyrst skreiv om saka.

Ein meir positiv dialog

Ordførar i Selje meiner Eid har større forståing for Selje sine utfordringar, og at dei har ein langt meir positiv dialog enn dei har hatt med Vågsøy.

– I Eid var det forståing for utfordringane vi har i Selje på til dømes samferdsle, og dei ser også potensialet i oss, seier Osdal.

Etter eit forhandlingsmøte, kom det fram at dei to kommunane ønsker eit samarbeid. Selje-ordføraren seier dei kom fram til at Eid og Selje har mange felles interesser og like tankar om korleis den nye kommunen skal sjå ut.

Døra er open for Vågsøy

For Vågsøy har det vore viktig å få Måløy som kommunesenter. Selje har i tidlegare samtaler vore positive til dette. Ordføraren i Vågsøy oppfattar heilomvendinga til Selje som ein veldig krunglete veg til målet.

Kristin Maurstad

BLIR IKKJE MED: Så kort tid før fristen, blir ikkje Vågsøy med på nye samtaler seier Kristin Maurstad

Foto: Trond Vestre / NRK

– Jubelen stod ikkje i taket då formannskapet i Vågsøy fekk vite at Selje no ønsker Nordfjordeid som kommunesenter. Vi kjem ikkje til å bli med på nye samtaler no ei veke før det siste kommunestyret i år, seier ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy.

Men ordførar i Selje, Stein Robert Osdal ønsker framleis å ha Vågsøy med i vidare samtalar.

– Vi er opptekne av å få ein funksjonell, god og stor kommune som eventuelt kan konkurrere med ei storkommune i Sunnfjord. Eg skjønar ikkje kvifor Vågsøy er negative til samanslåinga, seier han.

Kommunesenter er eit underordna tema

Formannskap og kommunestyret skal ha møter neste torsdag, der forslaget om ei samanslåing blir lagt på bordet.

– Vår strategi er at temaet om kommunesenter er underordna. Vi ser at det kan vere spennande moglegheiter i den nye kommunen, og totalbiletet gjer at eg er positiv til å støtte dette forslaget, seier Osdal.