-Eg var så redd at eg skalv, seier den modige seksåringen, som sat i pysjen og såg på fjernsyn då han høyrde knitring og merka røyklukt.
Ut verandadøra
Men redselen fekk ikkje overtaket på Imre Svidal Løset, som vekte mora og kjærasten hennar.Dei tre kom seg ut gjennom verandadøra.
Foto: Torbjørn Fardal
Brannen utvikla seg svært fort, og det var ikkje råd å ta med noko anna enn det dei gjekk og sto i.
Det var berre snakk om minuttar frå Imre varsla om brannen til huset var overtent. Brannen vart varsla rett før klokka halv eitt måndag. Ein god time seinare var den sløkt, men då var tomannsbustaden brent ned. Dermed vart i alt fem personar huslause. Huseigarane, som budde i den andre delen av huset, var ikkje heime då det byrja å brenne.
Fekk ny leike
Politibetjent Agnar Bøyum fortel om ein brann som utvikla seg fort.
- Då eg kom til staden 10-15 minuttar etter at brannen var varsla, så stod flamman 20-30 meter opp i lufta, seier Bøyum. Politiet kunne ikkje måndag kveld seie noko om kva som er årsaka til brannen.
Alt er brent opp, inkludert julepresangane til Imre. Men seks-åringen tek det med stor ro.
- Eg har allereie fått ein ny leike. Alle vil gje meg leikar, seier dagens helt.
MMS-Foto: Steinar Lote