Hopp til innhold

Seks stroppar sikra 23 tonn stål

Ein norsk vogntogsjåfør er meld til politiet etter at han vart stogga i Lærdal med svært mangelfull sikring av lasta si.

Dårleg sikra stålplater.

FEIL: Desse 23 tonn med stål var sikra med seks stropper. Det er berre ein brøkdel av det som må til for å sikre lasta.

Foto: Statens vegvesen

Yrkessjåføren vart vinka inn under trafikkontrollen på Håbakken torsdag ettermiddag.

Inspektørane frå Statens vegvesen tykte veldig lite om det dei såg i kapelltralla.

– Lasta var sikra med det vi kallar overfallssurring. Seks stroppar for å sikre 23 tonn stålplater finn vi alt for lite, seier inspektør Gunnar Brevik.

Kunne blitt stygt

Det var UP og vegvesenet som i samarbeid gjennomførde kontrollen av tunge køyrety. Ifølgje politiet vart det kontrollert 32 køyrety.

Resultatet vart 14 skriftlege manglar, medan 12 fekk bruksforbod. Hovudsakleg for manglande tal kjettingar. Tre vogntogførarar fekk gebyr på mellom 1 000 og 4 000 kroner for overlast.

Den norske føraren var den einaste som vart meld under kontrollen.

– Slik lasta var sikra er det fare for at den kan forskyve seg og ramle av. Ein panikkbrems var det føraren ikkje ville ha gjort. Då kunne det blitt stygt. Vi har diverre sett eksempel på at denne type last har ramla av før, seier Brevik.

Minimum 35 stroppar

Dårleg sikring av 23 tonn stål.

HINDER: Det var ingenting som hindra lasta i å sigle framover.

Foto: Statens vegvesen

– Det han ikkje hadde gjort, var å sikre lasta framover og bakover. Vårt krav er at alle kilo skal sikrast 100 prosent framover, og 50 prosent bakover og til sides, held han fram. Han vil ikkje seie kva føraren har forklart fordi det no blir politisak.

At lasta var sikra med lastestropper, og ikkje kjetting, var heller ikkje noko god løysing.

– Ein stropp har den eigenskapen at den kan bli kutta. Stålplater er skarpe, seier han og legg til at moglegheitene for rørsle i lasta var store. Med god friksjon på lasta, så skulle den vore sikra med minimum 35 stroppar.

Tre melde på tre dagar

Dårleg sikring av last.

FRIKSJON: Dårleg friksjon gir større fare for at lasta rører på seg.

Foto: Statens vegvesen

– Mest truleg har han lågare friksjon. Stål mot stål gir ofte lågare friksjon. Då går også krav til tal stroppar opp, held Brevik fram og presiserer at sjølv om føraren blir meld, så treng det ikkje vere han som har sikra lasta så dårleg.

– Men det er til sjuande og sist føraren sitt ansvar, legg inspektøren til.

Føraren er den tredje på like mange dagar som blir meld for dårleg sikring av last på Håbakken.

15 tonn usikra last

Dei føregåande var begge utanlandske og køyrde rundt med kring 15 tonn usikra stykkgods på palle.

Inspektør Jan Ove Bjørgum avdekte den eine. Han meiner det er like mange nordmenn som utlendingar som blir melde etter kontrollar på Håbakken.

– Det er stort sett utlendingane som kjem fram ettersom dei må gjere opp på staden, medan nordmennene blir melde på vanleg måte. Vi melder like mykje norske som utanlandske førarar, seier han.