Hopp til innhold

– Å køyra eit 50 tonn tungt køyretøy med sommardekk på glatta er ein dårleg kombinasjon

Fleire utanlandske vogntog fekk ikkje køyra vidare etter ein kontroll på E39 i Rogaland natt til fredag. Nokon køyrde framleis med sommardekk.

Tungtransportkontroll i Sør-Rogaland

MANGE TATT: Natt til fredag kontrollerte Statens vegvesen tungtransport på Krossmoen sør i Rogaland. Fleire utanlandske køyretøy blei nekta å køyra vidare.

Foto: Kenneth Holm Vestby / Statens vegvesen

Av 35 kontrollerte køyretøy i natt var det fem som fekk bruksforbod, ti hadde manglar og ni fekk gebyr for å køyra med for få kjettingar i bilen, eller for liten mønsterdybde.

– I tillegg til dette køyrde eit av vogntoga rundt med 18 tonn tunge stålplater som låg usikra bak på planet, seier ein oppgitt Helge Våge i Statens vegvesen.

50 tonn på sommardekk

Men det var vinterutrusting som var hovudfokuset for kontrollen, og her var det mykje å ta fatt i. Eit vogntog på 50 tonn køyrde mellom anna på sommardekk:

– Å køyra eit 50 tonn tungt køyretøy med sommardekk på glatta er ein dårleg kombinasjon, det såg me jo tidlegare på dagen på Runaskaret, seier Våge.

Han viser til at E39 torsdagskveld blei stengt ved Runaskaret i Bjerkreim kommune etter to vogntog køyrde seg fast.

E39 Runaskaret

Tidlegare på dagen i går blei fleire vogntog ståande ved Runaskaret på E39 i Bjerkreim i Rogaland.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Tre av bilane som blei kontrollerte hadde dekk som var i så dårleg fatning at vegvesenet ikkje lar dei køyra vidare før dei får seg nye dekk.

Trass dei alvorlege funna seier Våge at det ikkje ser ut til at dei utanlandske sjåførane bryr seg noko særleg om det:

– Me prøver så godt me kan å forklara kravet om dekk og vinterutrusting, og at dette har med trafikktryggleik og gjera, men dei trekk berre på skuldrene, seier han.

Køyr-sakte-aksjon

Vegvesenet fortel at dei har gjort fleire graverande funn den siste tida som avdekker manglande respekt for trafikktryggleiken når det kjem til tungtransport.

På måndag arrangerer den nyoppstarta organisasjonen Norsk Yrkessjåførs Allianse aksjon der dei ber alle sjåførar om å køyra maks 60 kilometer i timen.

Denne køyr-sakte-aksjonen er mellom anna ein reaksjon på at dårleg skodde utanlandske køyretøy skapar problem på norske vintervegar.

Våge i vegvesenet seier at trenden er urovekkjande:

– Dette er ikkje bra. Derfor skal me halda trykket oppe på området og ha fleire kontrollar framover, seier han.