Hopp til innhold

Avdekka alvorlege bremsemanglar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein ungarsk yrkessjåfør må betale 12 000 kroner i bot og klare seg utan førarkort i tre månadar.

Semitraileren han førde vart måndag stogga av Statens Vegvesn på E16 ved Håbakken i Lærdal.

Under kontrollen vart det avdekka alvorlege manglar på bremsene til vogntoget. Yrkessjåføren fekk både køyreforbod og eit førelegg på 12 000 kroner.

- Bremsetesten viste svake bremser på drivakselen til bilen, og hengaren for hengaren var det nesten lik null brems. Årsaka var manglande bremseband, fortel Jan Ove Bjørgum og skildrar vogntoget som ei trafikkfelle.

Må lukast ut

Ulydane og det tilsynelatande dårleg stilte vogntoget viste seg å vere den trafikkfella som dei tilsette ved trafikkstasjonen frykta. Vogntoget skulle ut av landet med last frå Årdal då det vart stogga på veg austover.

Bjørgum arbeider ved trafikkstasjonen og var måndag med på kontrollen av det ungarske vogntoget. I tillegg til dei dårlege bremsene, hadde trekkvogna overlass.

- Med dei bremsene han hadde så ville han fått alvorlege problem om han måtte ha bråstogga. Det var så dårleg at vi gav køyreforbod og melde han til politiet. Dette er graverande feil som vi ikkje vil ha i trafikken, seier Bjørgum.

Eitt år sidan sist

Det er nær eitt år sidan eit estlandsk vogntog fekk køyreforbod ved den same trafikkstasjonen. Då vanka det eit førelegg på 15 000 kroner til føraren, samt gebyr på 3 000 kroner for overlass. Sjåføren måtte også klare seg utan førarkort i fem månadar.

Bjørgum var også med på å kontrollere den. Vogntoget som vart stogga måndag er det verste dei har sett sidan då. Sidan då har både norske og utanlandske vogntog fått køyreforbod på grunn av manglande bremser.

- Den hadde vel kanskje fleire hjul utan bremse, men bremsevirkninga på semitralla var omlag lik. Begge ligg under halva av retardasjonen av det som er kravet, seier han.