Det er blitt ein vane at Sogn og Fjordane forsyner seg grovt frå medaljefatet under eit junior-NM. Og det er eine og åleine utøvarar frå Nordfjord som kjem heim med både gull, sølv og bronse i bagasjen. Det starta med honndalsjenta Eline Fannemel sitt gull på normaldistansen torsdag, heldt fram med stryningen Tarjei Bø sitt sprintgull i 16-årsklassen laurdag, og det heile vart avslutta med stafettgull for trioen Ronny Hafsås, Magnus Brendehaug og Tarjei Bø søndag.
I tillegg til desse tre gulla sikra Stine Øvreberg frå Stårheim seg eitt individuelt sølv på sprinten, og same valør fekk Øvreberg og dei andre jentene på stafettlaget til Sogn og Fjordane. Og Ronny Hafsås sytte også for vår einaste bronsemedalje då han gjekk inn til tredjeplass på sprinten for 19 og 20-åringar.
Det gror med andre ord i skiskyttarmiljøet i fylket, og det blir viktig framover at desse utøvarane er med vidare og dreg lasset, seier Arve Hafsås.
Ikkje overraskande vart Ronny Hafsås og Stine Øvreberg tekne ut til junior-VM. Dei har vore i toppen av norsk juniorskiskyting i mange år. Men arvtakarane står i kø, og ei av dei er 17 år gamle Eline Fannemel frå Hornindal. Med sine to medaljar under årets junior-NM siktar ho mot VM neste år.