NRK Meny
Normal

Seier truleg nei til søndagsope

Venstre vil truleg seie nei til regjeringa sitt forslag om søndagsopne butikkar.

Coop Extra og Rema 1000 i Sogndal

HELD STENGT I DAG: Skal store butikkar som Rema 1000 og Coop Extra (her frå Sogndal) kunne halde ope på søndagar? Ja, meiner regjeringa. I støttepartiet Venstre er motstanden stor.

Foto: Montasje: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den profilerte Venstre-representanten og stortingsrepresentanten Sveinung Rotevatn trur partiet vil krevje at søndagsopne butikkar skal vere opp til kvar enkelt kommune å ta stilling til.

Sveinung Rotevatn

– GÅR MOT NEI: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn meiner det er feil at Stortinget skal vedta søndagsopne butikkar. Han vil la kommunane avgjere det.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Skal butikkar kunne halde ope på søndagar, så må det vere noko kommunane bestemmer. Ikkje berre noko Stortinget slår opp dørene for, seier Rotevatn til NRK.no.

– Søndag kan det vere stengt

Fjøra Mat i Sogndal

HAR OPE: Vesle Fjøra Mat er i dag ein av få søndagsopne butikkar i Sogn og Fjordane. Butikken har avgrensa areal, populært kalla 'Brustad-bu' etter den tidlegare statsråden som opna opp for små butikkutsal på søndagar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På fylkesårsmøtet fekk Rotevatn klare åtvaringar mot å gå inn for frislepp av søndagsopen handel.

– Eg er imot det. Vi har faktisk ikkje bruk for dette. Eg trur det også vil gå utover ein god del av distriktsbutikkane. Dei slit frå før. Skal dei begynne å ha ope på søndagar, må dei betale beteninga som går der, det har dei ikkje rygg til å bere, seier Edvard Iversen.

Leiaren i Vågsøy Venstre ein av mange i grasrota i partiet som seier nei til søndagsopne butikkar. Regjeringa har føreslått det til protestar frå miljørørsla, kyrkja og butikkane sjølve.

Vågsøy Venstre

SEIER NEI: Delegasjonen frå Vågsøy under fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre. F.v. fylkestingsmedlem Klaus Iversen, lokallagsleiar Edvard Iversen og Nils Holvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har eit godt tilbod frå tidleg morgon til kveld. Butikkar er opne frå sju om morgonen til 23 om kvelden. Ein har rikeleg høve til å handle. Søndagane kan det vere stengt, meiner Iversen.

Stor skepsis i partiet

Det er signal som Rotevatn tek på alvor.

– No fatta ikkje fylkesårsmøtet noko vedtak, men mange kom med signal om at ein er skeptiske til det regjeringa har føreslått. Det rådet tek eg med meg inn i stortingsgruppa.

Venstre sin vedtekne politikk er at det er kommunane sjølve som skal få bestemme om butikkar skal vere søndagsopne. Difor trur Rotevatn partiet ikkje vil gå inn for forslaget frå regjeringa.

– Når eg snakkar med Venstre-folk, så er det mange som er skeptiske til å ha søndagsopne butikkar i sin kommune. Det har eg forståing for, og eg meiner dei bør ha høve til å seie nei.

Jølstraholmen

HAR OPE: Spar Jølstraholmen ein av få fullskala butikkar som i dag får halde søndagsope, då butikken ligg i tilknyting til ein campingplass.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune