Hopp til innhold

Seier nei til Acer

I dag gjekk eit fleirtal på landsstyret til Arbeidarpartiet inn for at Norge knyter seg til det europeiske energibyrået Acer. Dette protesterer Ap-ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal på og får støtte frå gruppeleiarane for Ap, Sp, SV og KrF. Dei meiner Norge framleis skal ha full sjølvråderett til kraftressursane og seier difor nei til norsk deltaking i Acer.