Næringsministeren inviterer no ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal til eit møte for å få orientering om omstillingsarbeidet i kommunen.
Mange spanande prosjekt
Brende meiner det er ei rekkje spanande prosjekt på gang i industribygda, og ønskjer å hjelpe til for å skape nye arbeidsplassar.
Børge Brende - Foto: NRK
- Eg har gått gjennom status med SIVA og Innovasjon Norge, og ser at det er fleire spanande prosjekt i Årdal, seier Brende, som også lovar å kome med eit initiativ når det gjeld Høyanger.
- Hydro har strekt seg langt
Brende vil ikkje kommentere om han vil presse Hydro til å bidra meir i Årdal ved å nekte industrigiganten å flytte den frigjort elektriske krafta.
- Den søknaden frå Hydro er til handsaming i departementet, seier Brende.
Men han viser til at Hydro allereie har lagt 800 millionar kroner på bordet i omstillingsmidlar, og seier at selskapet har strekt seg langt i Årdal.