Hopp til innhold

Satsing kan hamne i Bergen

Etter det NRK kjenner til vil BKK at arbeidet med å utvikle offshore vindkraft skal flyttast ut av fylket.

Vindmøller til havs
Foto: MICHAEL KOOREN / REUTERS

Vestavind kraft på Sandane er ansvarleg for vindkraftsatsinga til dei sju store kraftselskapa på Vestlandet. Men etter det NRK kjenner til vil Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) at arbeidet med å utvikle offshore vindkraft skal verte flytta ut av fylket til Bergen.

- Uheldig for Sogn og Fjordane

Alfred Bjørlo i Måløy Vekst ynskjer lokal satsing på vindkraft og likar nyhenda svært dårleg.

- Viss dette er rett, er det utruleg oppsiktsvekkjande og uheldig for Sogn og Fjordane. Dette er ei ny mulig stor framtidsnæring der Sogn og Fjordane kan setje seg i førarsetet sjølv, seier Bjørlo.

Havbasert vindkraft er spådd å verte den nye vekstnæringa langs kysten.

Dei sju eigarselskapa til Vestavind kraft jobbar med ein strategiplan for korleis dei skal posisjonere seg i forhold til vindmøller på havet

Kraftselskapa vil ikkje uttale seg til media. Men styreleiar i Vestavind kraft Ole Bjørn Alvestad seier at resultatet av strategiarbeidet vert lagt fram for toppleiarane i den såkalla Vestlandsalliansen den 16. april i eit møte på Skei

- Politikarane må på bana

I Måløy vert det satsa på offshore vindkraft, mellom anna finst det planar om eit stort anlegg utanfor Stadt. Alfred Bjørlo er svært bekymra over det han får høyre.

- Då gjer vi akkurat den same feilen som vi gjorde rundt oljen, seier han.

Bjørlo meiner politikarane her i fylket må på bana for å sikre at kompetansen og kapitalen vert verande i fylket.

- Viss ein på politisk nivå meiner alvor med at Vestlandet skal arbeide saman og at ikkje alt skal sugast til Bergen, burde dette vere eit av dei områda der Sogn og Fjordane satsa på å utivkle eit sterkt og framtidsretta kompetansemiljø, seier han.