Hopp til innhold

Satsar ti millionar på nye overnattingsplassar i Selje

To månader etter Selje hotell brann ned, og kommunen vart ståande utan hotelltilbod, ser det ut til at Leikanger på Stad skal bli redninga for turistane.

Per Kristoffer Freisberg

SATSAR FRISKT: Per Kristofer Freisberg er dagleg leiar for Furebuda på Stad. Ti millionar skal brukast på 26 hotellrom og gjestehamn.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Ja, no satsar vi mot framtida. Byggepapira er sendt inn og i fase ein er planen å bygge ti rom, seier Per Kristofer Freisberg, som er dagleg leiar i Furebuda på Leikanger i Selje kommune.

Etter at Selje hotell brann ned til grunnen, natt til 25. november i fjor, har kommunen stått utan hotelltilbod før den kommande turistsesongen.

26 rom og gjestehamn

Freisberg fortel entusiastisk om planane. Fordelt på to byggetrinn er planen å få på plass 26 hotellrom og ei gjestehamn for besøkande som kjem sjøvegen.

– Vi ligg berre halvannan time frå Ålesund med båt, og då må vi ha plass der folk kan legge båtane sine. Området rundt Stad er attraktivt for turistar og då må det vera tilgjengeleg, seier Freisberg.

I den gamle sjøbua skal det bli vera matstove og skjenkestad, og målet er å få til heilårsdrift. Prislappen på det heile er rekna til om lag ti millionar kroner.

– Selje kommune har 2700 innbyggjarar fordelt utover eit stort areal. Vi må også ha kundar frå andre plassar og då vil eg tilby ein plass dei kan sove, så vi ikkje sender dei heim att same dagen, seier Freisberg.

– Gler meg til å opne

Vegg i vegg med Furebuda ligg det gamle pensjonatet, som ikkje har vore drifta på nokre år. Men også der kan det gå mot nyopning.

Oddbjrøn Fure

KLAR: Oddbjørn Fure ser fram mot opninga av pensjonatet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi har planar om å starte opp att drifta, men det vert ein langvarig prosess, seier Oddbjørn Fure.

Familien hans har drive pensjonatet i ei årrekkje, men før ein kan ta opp att drifta ligg det eit stort oppussingsprosjekt framfor han.

– Eg gler meg til å opne igjen. Det vert ein kjempedag og vi skal opne, men eg har ingen dato, seier Fure.

Når ei eventuell opning skjer vil det pensjonatet ha ti rom å tilby gjestane.

Det gamle pensjonatet på Leikanger i Selje

VEGG I VEGG: Det ærverdige gamle pensjonatet til Fure-familien på Leikanger på Stad ligg vegg i vegg med Furebuda.

Foto: Harald Kolseth / NRK