Hopp til innhold

Satsar stort med Grease

Sunnfjord Folkehøgskule syner denne veka sin årlege musikal, og satsar for første gong på å fylle Storsalen i Førdehuset.

Sunnfjord Folkehøgskule syner denne veka sin årlege musikal. Foto: Bård Holmen Solvik og Signe Fuglesteg Luksengard, NRK

VIDEO: Elevane ved Sunnfjord Folkehøgskule har på øvd inn musikalen Grease og viser den for første gong i storsalen i Førdehuset.

– Vi opplevde ein kjempesuksess i fjor, noko som gav meirsmak til å satse endå større i år, seier Erlend Os, lærar ved Sunnfjord folkehøgskule og musikalsk ansvarleg for musikalen.

Tidlegare år har elevane sjølve laga musikalane, men i år har dei valt å gå for ein klassikar.

– Dette er eit grep vi har teke for å fenge breiare og dermed trekkje til oss meir publikum. Grease er ein veldig kjent musikal som appellerer til born, unge og vaksne. I tillegg er det ein veldig god musikal med tanke på både dans og musikk, seier lærar og koreograf Anders Alvaro Nydal.

– Det er også viktig at det er fleire på scena, ikkje berre ein eller to som gjer alt. Det er veldig mange som får prøvd seg, seier Os.

Fyrste musikal for dei fleste

Carina Hillersøy Takle, Erlend Os og Anders Alvaro Nydal

INSTRUKTØRANE: Carina Hillersøy Takle, Erlend Os og Anders Alvaro Nydal, høvesvis ansvarlege for regi, musikk og dans.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

For sjølv om nokre av elevane har vore med på musikalar før, er dei fleste amatørar, og dei har berre øvd for fullt i to veker. Instruktørane er imponerte over elevane, og alt dei har fått til på så kort tid.

– Det er ein kjempeflott gjeng som det har vore veldig kjekt å arbeide med, seier regissør Carina Hillersøy Takle, som også er med for første gong.

Håpar å skape ein tradisjon

Det er også viktig at det er fleire på scena, ikkje berre ein eller to som gjer alt. Det er veldig mange som får prøvd seg

Erlend Os

Etter første framsyninga er instruktørane nøgde, og dei trur folk kosa seg både på og framføre scena. Og sjølv om dei har seld ein del billettar på førehand, er dei spente på oppmøtet på framsyninga fredag kveld som er open for alle.

Målet er å selje i overkant av to hundre billettar, då er vi godt nøgde, smiler Alvaro Nydal.

Håpet er å kunne halde fram med å invitere Førdefolk på musikal i Storsalen i Førdehuset.

– Vi ønsker at dette skal bli ein tradisjon, seier han.