NRK Meny
Normal

Regjeringa lovar tyngre satsing på små born som slit med angst

Regjeringa meiner problemet med angst hjå små born blir teke på alvor, men ser at ein kan gjere med for å hjelpe. Både pengar og tiltak står på trappene.

Liten gut er lei seg fattig illustrasjon barn

STRIR: Mange små born, heilt ned i 3–4 årsalderen slit med angst. Forskarar meiner problemet ikkje blir teke på alvor.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Det er for lite kompetanse og bemanning i skulehelsetenesta fleire stader, og det tek vi på alvor. Vi vil styrke dette med meir pengar. I år har vi løyvd 180 millionar kroner, og føreslått å auke opp med 200 nye millionar til helsestasjonar og skulehelsetenesta i neste års budsjett, seier statssekretær i Helse- omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann.

Fleire fagfolk meiner at problemet med angst hjå born ikkje blir teke nok på alvor. Trass i at nær 20 prosent av små born har ei form for angst, får berre 13 prosent av dei som treng det behandling.

Problemet blir ikkje teke på alvor

-Nei. eg trur det har vore fokusert lite på angst hjå born, inntil nyleg. Spesielt angst hjå mindre born. Snakkar ein med foreldra, så høyrer ein at det kan vere ganske plagsamt både for borna og familiane, sa professor i medisin, Einar Heiervang til NRK.

Også spesialpedagog og forskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kirsten Flaten, meiner problema må takast meir på alvor.

Statssekretær Lisbeth Normann

SATSAR: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann, seier born og unge si psykiske helse er eit viktig område for regjeringa.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– I vidaregåande skule, er det opp mot 17 prosent som rapporterer at angst er det største problemet deira. Gjerne sosial angst, men også prestasjonsangst og korleis skal det gå meg i verda angsten, seier Flaten.

Ho meiner det må satsast meir på førebyggande tiltak for å klare å hjelpe flest mogleg.

– Får born eit tidleg tilbod, kan vi hindre den kumulative effekten angst har, og dermed hindre dei i å utvikle tyngre angst, trur ho.

Eit av regjeringa sine satsingsområde

Normann understrekar at dei auka løyvingane og andre tiltak blir sette i verk, nettopp for å fange opp born som slit på eit tidleg tidspunkt.

– Å fange opp born krev betre tverrfagleg samarbeid, og vi ynskjer å sjå på korleis vi skal få eit breiare perspektiv på førebyggande helsearbeid hjå born og unge. Dette arbeidet kjem i tillegg til styrking av budsjettmidlar, seier Normann.

Til våren legg regjeringa også fram ei ny stortingsmelding om primærhelsetenestene, og det blir arbeidd med ein ungdomsstrategi.

– Både fagmiljø, brukarar og pasientar kjem no med innspel til stortingsmeldinga. Vi får innspel også frå born og unge og Barneombodet. Den skal leggast fram for Stortinget i løpet av våren, og det er første gong det kjem eit slikt arbeid, seier Normann.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast