Legg legestudiet til side - no satsar han alt på idretten

Hekkeløpar og sprintar Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø hoppar no av studiet sitt for å nå toppen. For no vil han også opp på internasjonalt nivå.

Øyvind strømmen Kjerpeseth har endra treningsopplegget for å betre resultata. Målet er å trene smartare.

SJÅ VIDEO: Øyvind Strømmen Kjerpeset og trenar Eystein Enoksen. Sjå 22-åringen på trening i Oslo.

I fjor hadde han ein strålande sesong, men allereie no ser det ut til at årets sesong kjem til å overgå fjoråret. 22-åringen frå Florø har nådd nasjonalt toppnivå både på 400 meter hekk og sprint.

Men det å vere friidrettsutøvar på høgt nivå er ikkje for alle. I alle fall ikkje når ein i tillegg skal kombinere idrett på toppnivå med studium.

Øyvind Strømmen Kjerpeset er ein av dei som har klart det så langt. No vil han også opp på internasjonalt nivå, og legg medisinstudiet på hylla for ein periode.

Tek pause på ubestemt tid

– Eg studerer medisin og det tek veldig mykje tid. No har eg fått moglegheita av klubben og fått støtte frå ulike sponsorar og kan satse for fullt og vere profesjonell. Så eg kjem til å ta ein pause frå skulen på ubestemt tid. Eg har åtte dagar til eksamen, etter det vert eg fulltidsutøvar framover. Så får vi sjå om det ber frukt eller ikkje, seier han.

Han legg ikkje skjul på at det har vore krevjande å kombinere det å vere toppidrettsutøvar og student.

Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-gull på 400 meter hekk i Tønsberg

HØGE MÅL: Øyvind Strømmen Kjerpeset set seg store mål i år.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Ein må vere veldig strukturert. I dag las eg i tre og ein halv time før eg kom hit. No skal eg trene og få behandling, så skal eg lese tre-fire timar før dagen er over, så det er tungt, fortel Strømmen Kjerpeset.

For det har blitt litt mykje for florøværingen den siste tida, og han ser no fram til slappe av og sleppe lesepresset.

– Målet er å bli betre på hurtigheit og på 400 meter hekk, og ikkje minst ta personlege rekordar på alle distansar til sommaren, seier Kjerpeset, som fortel han må ha slike mål om han skal opp i toppen i internasjonal friidrett.

– Kan nå langt

Trenar Eystein Enoksen skildrar idrettsutøvaren frå Florø som ein hardtarbeidande utøvar som har sett seg store mål. Enoksen seier 22-åringen er villig til å gjere den jobben som skal til for å nå måla.

– Det er knallhardt arbeid, med opptil to økter om dagen. Øyvind kan nå langt fordi han har utvikla bra hurtigheit, som er grunnlaget for å springe fort på 400 meter hekk. Målet er å utvikle dette enda eit hakk, slik at det er mogleg å hevde seg på internasjonalt allereie til sommaren i Europameisterskapet, seier Enoksen.

2014 sesongen er berre så vidt begynt, men allereie no kan han vise til både NM-gull og personlege rekordar.

– Det går utruleg bra. Treninga har vist veldig gode resultat, så det er veldig moro. Eg har teke personleg rekordar både på 60 meter, 100 meter og 200 meter innandørs og tok også NM-gull på 60 meter og 200 meter, så det har vore ein fantastisk innandørssesong, seier Kjerpeset.

Takkar miljøet i Florø

– Det lovar utruleg bra for denne sesongen. Eg ser at treninga gir stadig meir framgang og kroppen er fin og eg har ingen problem. Eg får trent kjempehardt og akkurat det eg vil til alle tider og då kjem resultata, seier Kjerpeset.

Han legg ikkje skjul på at friidrettsmiljøet i Florø kan ta sin del av æra for at han har gjort det så bra.

– Dei har gjort ein kjempebra jobb med meg, og støttar meg framleis veldig bra. Eg har mykje å takke dei for, seier han.

– Ein likandes kar

Kjetil Hildeskor

SPENNANDE: Generalsekretær i Norges Friidrettsforbund og sogndølen, Kjetil Hildeskor seier det vil bli spennande å følgje Strømmen Kjerpeset framover.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Generalsekretær i Norges Friidrettsforbund gjennom 10 år, Kjetil Hildeskor, meiner Kjerpeset står fram som ein likandes kar og reflektert ungdom, og at det blir spennande å følgje han framover.

– Det er kjempespennande det han har gjort, og eg har stor tru på han som utøvar framover. Han har ein unik kombinasjon av hurtigheit og bra stayer. Til å vere 400 meter hekk-løpar, så kan han nå langt internasjonalt, trur generalsekretæren.

Hildeskor seier han alltid følgjer litt ekstra med utøvarar frå Sogn og Fjordane.

Vil bli lege ein dag

Men toppidrett er ferskvare og det er umogleg å hevde seg i toppen i veldig mange år. Då har Kjerpeset planen klar.

– Eg skal jo fullføre medisinstudia etter idretten og arbeide innan legeyrket på ein eller annan måte. Forhåpentlegvis er det lenge til. Eg håpar å ha minst ti år att av friidrettskarrieren mi, så eg tar det som det kjem, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.