NRK Meny

Øyvind (21) fekk Kongepokalen: – Det er litt utruleg eigentleg

Kjempa frå Florø har imponert mange med prestasjonane sine i løpet av NM-helga. Inkludert juryen som tildelte han Kongepokalen for herrar.

Ezinne Okparaebo og Øyvind Strømmen Kjerpeset

BEST: Ezinne Okparaebo og Øyvind Strømmen Kjerpeset vart tildelt Kongepokalane for kvinner og menn under NM i Tønsberg.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix
Anna Gytri
Journalist

Artikkelen er flere år gammel.

– Dette var heilt fantastisk, jublar Øyvind Strømmen Kjerpeset.

– Dette er noko av det største som har skjedd meg. Ja... Det var litt truleg eigentleg, seier den stolte 21-åringen.

Sterke konkurrentar

Og han har grunn til å vere stolt. Blant utøvarane han kjempa mot om Kongepokalen var spydkastaren Andreas Thorkildsen og kappgangar Erik Tysse.

Men meisterskapsrekorden på 400 meter og ein sterk prestasjon på 200 meter gjorde at valet fall ned på den unge Florøværingen.

– Eg er berre glad for at juryen valde meg. Eg veit at det var mange veldig sterke resultat. Men eg er veldig nøgd med mine resultat, og håpar folk synest eg fortener Kongepokalen, seier Kjerpeset til NRK.no.

– Vart det nokre ville jubelscener under tildelinga?

– Eg jublar stort sette berre etter eg kjem i mål frå løp, men eg var veldig, veldig, veldig glad i iallfall, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-gull på 400 meter hekk i Tønsberg

GULL: Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-gull på 400 meter hekk i Tønsberg. Med tida 50,38 sette han også meisterskapsrekord.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Ekstremt godt nøgd med 200-meter

Med tida 21.10 på 200 meter tok Kjerpeset NM-gull på 200 meter søndag ettermiddag. Florøværingen var førehandsfavoritt i Jaysuma Saidy Ndure sitt fråvær, og han innfridde.

– Eg er veldig godt nøgd med 200-meteren. Eg sprang 400 meter hekk på maks i går, og eg hadde to løp før det, med forsøk og semifinale. At eg greier springe så fort endå ein gong, når det eigentleg ikkje var gode forhold, med lite vind og motvind i svingen, så var det veldig positivt, seier han til NRK.no.

På førehand sa stortalentet at han ikkje let seg skremme av favorittstempelet.

– Eg likar litt press. Det gjer meg nervøs og då spring eg fortare, fortalde han.

Sjølv hadde han på førehand eit lite håp om å greie eit tid på 20-talet, men tida 21.10 er han likevel svært nøgd med.

– Det var absolutt greitt. Ja, eg hadde håpa på 20-talet, men det skulle veldig godt gjerast med dei omstenda som var med vind og alt. Eg synest det var eit veldig sterkt løp frå mi side og det er det klart nest beste løpet eg har sprunge, seier han stolt.

Ingen ende på høgdepunkta

NM-helga sett under eitt er utan tvil eit av høgdepunkta i karrieren hans.

– Det tar nesten ikkje slutt på høgdepunkt denne sesongen her! Det er veldig motiverande å få Kongepokalen, seier han.

– Denne helga her, det var ei helg eg drøymde om at kunne bli slik. Og så klarte eg det... Det er berre heilt fantastisk, seier han.

Landar ein etter ei slik helg, eller svevar ein rundt på ei rosa sky lenge?

– Eg håpar eg kan sveve på den til neste sommar, så skal eg lage meg ei ny sky då, ler han høgt.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Brann - Viking
Kickboksing - Fight Night
Kickboksing: Fight Night
Kickboksing Fight Night