NRK Meny
Normal

Anna (22) satsar for fullt på dansen - no vil ho inspirere born og unge

22 år gamle Anna Einemo Frøysland frå Lærdal starta ikkje med dans før ho var 16. Likevel har ho kome gjennom eit svært trongt nålauge.

Anna Einemo Frøysland på Kunsthøgskolen i Oslo

KUNSTHØGSKULEN: Anne Einemo Frøysland på kunsthøgskulen i Oslo. Den talentfulle dansaren, frå ei lita bygd i Lærdal, er ein av svært få som kom gjennom nålauga på balletthøgskulen. Sjå ein film av og med ho og søstera Berit lenger nede.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ho studerer nemleg på balletthøgskulen, på lina for samtidsdans. Ho har fått ein av fem plassar. Totalt var det 176 søkjarar.

– Eg er utruleg takksam for å vere her, og for å ha fått plass her. Det er eit lite nålauga, seier Frøysland.

Kunsthøgskulen i Oslo, industribygget som tidlegare var ein seilduksfabrikk, er Frøysland sin arena.

– Det er fantastiske fasilitetar for oss. Me har kjempestore studio me kan boltra oss i, der me kan vera kreative. Me har mange scener, eigen badstue og fysioterapeut me kan gå til om me er skadde, fortel Frøysland.

Har alltid visst kva veg ho skulle

Både ho og søstera Berit, som held til i Stockholm, studerer dans på aller høgaste nivå. Det imponerande bygget der NRK møter Anna Einemo Frøysland, er langt frå Lærdalsdalen der tvillingane vaks opp.

Begge går for å bli profesjonelle, utøvande dansarar.

  • I sommar har dei spelt inn film i lag i heimbygda. Sjå han lenger nede.

(Artikkelen held fram under biletet)

Einemo Frøysland

SATSAR: Begge tvillingane satsar på dansen. Her frå filminnspeling i heimbygda. Sjå filmen lenger nede!

Foto: Stig Indrebø

Vegen frå Lærdalsdalen til eit val om å satse i ein tøff og usikker bransje har gått gradvis, seier Anna.

– Når du driv med noko, og bestemmer deg for å gå 100 prosent for det, så finn du at dette er din arena å vere på. Eg har alltid likt å dansa, fortel ho.

Ho har alltid likt alle former for kunst. Ho har alltid visst at det måtte bli kunst, musikk eller film. På den eine eller andre måten. For å greie og tore å ta det valet, har støtta frå heimen vore viktig.

– Det har aldri vore nokre restriksjonar. Eg kan ikkje hugse ein gong foreldra våre har sagt at no må det gjere lekser. Me gjorde det alltid sjølve, og fekk alltid veldig fritt spelerom. For vår del var det veldig, veldig sunt, seier Frøysland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Einemo Frøysland

FLOTTE OMGIVNADER: I heimbygda, der tvillingane spelte inn film i sommar.

Foto: Stig Indrebø

– Du kan sei me er toppidrettsutøvarar

Støtta heimanfrå har vore viktig for at søstrene i dag driv med det dei likar aller best. Men kvardagen er ingen lett dans på roser, med svært frie studiedagar slik mange studentar kan nyte.

På ein vanleg skuledag står Anna Frøysland opp klokka 06.30, og er på skulen klokka 08 for å varme opp til skuledagen som startar klokka 09. Skuledagen består av seks timar med dans.

– Det mest fysiske er gjerne før lunsj, men no i andreklasse er det fysisk også etter lunsjen. Det er ganske tøft, men moro også, seier Frøysland.

Det gjer at dei er i ekstremt god fysisk form. For det må dei vere. Det blir sjeldan full fest og seine nattetimar i gatene i Oslo.

– Me har det veldig moro når me først tek ein fest. På ein måte kan du seie at me er toppidrettsutøvarar med eit kunstnerisk innslag. Me kan ikkje drive å rave rundt. Då vert du øydelagd resten av veka, seier Frøysland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Einemo Frøysland

DANS: Fotograf Stig Indrebø har sett opp utstyret, for denne dansescena på jordet i Lærdal. Sjå filmen lenger nede!

Foto: Stig Indrebø

«Snusar» på å lage eigne ting

Toppidrettsutøvarar må legge vekk mykje anna, og satse for fullt for å nå eit mål veldig få kan nå. Det er det same for Anna Frøysland. Knallhardt arbeid må til for å nå gjennom nålauga.

– Det er ikkje slik at du leverer inn nokre papir og går til intervju og får jobben. Du er på ein audition med mange hundre andre, og konkurrerer kanskje om ein jobb. Du må berre stå på, og rekne med å få mange avslag før du får noko.

Målet hennar er plass i eit dansekompani.

– Den store draumen er kompani som Carte Blanche i Bergen, som er den nasjonale samtidsdanskompaniet. Eller kanskje Cullbergbaletten i Stockholm.

Men etter eit filmprosjekt med tvillingsøstera i sommar har ho, med eigne ord, «byrja å snuse på det å lage ting sjølv». Det filmprosjektet tok søstrene heim til Lærdalsdalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Einemo Frøysland

EIGNE TING: I dette bygget, fullt av gamle ting og skrot, spelte søstrene inn filmen. Her leika tvillingane då dei var born.

Foto: Ingrid Haugen

Filmen med søstera

Ein låve i Lærdalsdalen dannar ramma for filmen Spindelvev.

– Det byrja med ein idé og eit innfall. På nabogarden vår er det ein gamal, skummel og interessant låve me leika i då me var små, seier Anna Frøysland.

Ho fortel at bygget er ypparleg, med mykje gamle ting og skrot. Dei spurde om lov, fekk lov, spelte inn film, og er svært nøgde med resultatet.

– Det er ein veldig estetisk og sanseleg film. Det blir ikkje sagt noko, men lagt vekt på stemninga, slik at sjåarane kan tolka si eiga historie. Dansen er sentral for å uttrykke bodskapen, seier Frøysland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Måla med filmen er mange. Glede til flest mogleg er eitt. Merksemd på festivalar og kortfilmfestivalar eit anna. Eit tredje mål knyter seg til Lærdalsdalen.

– Ein tanke bak filmen er å få opp interessa for kunst generelt og dansekunst spesielt. Særleg i heimbygda mi. Eg bur langt heimanfrå, og føler meg litt «disconnected». Eg tenkte å bringe litt av det eg driv med tilbake.

Spesielt har ho lyst å inspirere barn og unge heime i Lærdalsdalen, gjennom å arrangere ein danseworkshop.

– Ein treng ikkje byrje så tidleg. Ein treng ikkje byrje når ein er tre år, for det gjorde ikkje eg. Eg byrja då eg var seksten. Det er fullt mogleg. Du må ikkje tru at løpet er køyrt, sjølv om du har kome opp på ungdomsskulen, seier ho.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast