Hopp til innhold

Sander (16) skal vise seg fram for eliteserieklubb

Stryn-spelar Sander Amble Haugen (16) skal trena med Viking i Stavanger den neste veka.

Sander Amble Haugen

TRENINGSOPPHALD: Stryns sentrale midtbanespelar, Sander Amble Haugen, skal vise seg fram i Viking den neste veka. Tidlegare har han også prøvd seg i Feyenoord og Derby.

Foto: Privat

– Eg reiser ned søndag og skal vera der til fredag. Det er ein fin sjanse til å få vist meg fram og få kjenna på nivået, seier 16-åringen til NRK.

Etter å ha starta årets sesong med ein lyskeskade, har han spelt så godt som alle minutt for Stryn i tredjedivisjon på den sentrale midtbana.

Har trent med utanlandske klubbar

Dette blir ikkje første gongen 16-åringen viser seg fram for klubbar på høgare nivå. Tidlegare har han prøvd seg i nederlandske Feyenoord og engelske Derby. No går altså turen til Stavanger.

Sander Amble Haugen

TØFF MOTSTAND: Her er Sander Amble Haugen i duell med Aalesund Michael Barrantes i ein cupkamp i 2015.

Foto: Privat

– Det er ein bra klubb og dei satsar på unge spelarar. Det føler eg at kan passa meg bra, seier Haugen.

Sidan han fekk debuten for Stryn sitt a-lag, i ein alder av 14 år og ni månadar har det gått slag i slag for 16-åringen.

– Det vert eit par treningar om dagen der nede, så får vi sjå kva som skjer vidare, seier han.

Denne sesongen rykka Stryn ned til tredjedivisjon, trass i at dei kom på 10.-plass i avdelinga. Omlegginga til nytt seriesystem frå 2017 gjer at halvparten av laga rykka ned ein divisjon.

Men trass i nedrykket, 16-åringen ser ikkje bort frå at han fortsett i moderklubben.

– Stryn er ein bra klubb å utvikla seg i, så vi får sjå, seier han.