NRK Meny
Normal

Sanden skuldar på rådmannen, igjen

Lærdal kommune får ikkje budsjettet for 2010 godkjendt av fylkesmannen. Ordførar Arne Sanden skuldar på rådmannen.

Arne Sanden

- Det er rådmannen som må ta skulda for at Lærdal ikkje får godkjent budsjettet sitt. Det meiner ordførar Arne Sanden.

Foto: Simon Solheim / NRK

- Det er rådmannen som må ta skulda for at Lærdal ikkje får godkjent budsjettet sitt. Det meiner ordførar Arne Sanden.

Godtek ikkje budsjettet

Bent Arild Grytten

Rådmann Bent Arild Grytten og administrasjonen i Lærdal får skulda for at budsjettet ikkje vert godkjendt av fylkesmannen.

Foto: Håvard Holme / NRK

Fylkesmannen har i dag sendt brev til kommunen om at budsjettet ikkje er godkjent etter at det har blitt gjort store påplussingar i investeringane.

Noko som Sanden føreslo mot rådmannen sin vilje.

LES OGSÅ: - Klokt av ordføraren å orsake

Meiner rådmannen har skulda

Men Sanden meiner han er heilt skuldlaus og rettar skytset mot rådmannen.

- Det har først og fremst samanheng med at administrasjonen hadde gjort vesentlege feil når det gjaldt momskompensasjon, seier han.

Budsjettet førte til krangelen

Det var budsjettet som førte til at krangelen mellom rådmann og ordførar braut laust for fullt for nokre veker sidan og som gjorde at Sanden truga Grytten med sparken.

No seier rådgjevar hjå Fylkesmannen Kåre Træen at Lærdal ikkje får godkjent budsjettet og må gjere arbeidet på nytt.

Manglar og stor pengebruk

Kommunestyresalen i Lærdal

Kommunestyret i Lærdal har hatt mykje å gjere i det siste. No vert det nye rundar med budsjettet.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

- Vi har ikkje godkjendt budsjettet. Det var formelle manglar ved finansieringsbudsjettet. I tillegg må kommunen gå gjennom driftsbudsjettet sitt på nytt på grunn av store investeringar i 2010, seier Træen.

Men Sanden vil ikkje ta sjølvkritikk og legg all skuld på rådmannen. Det gjer han berre ein dag etter at han kom med ei offentleg unnskulding for å ha truga rådmannen med sparken.

- Peikar berre på fakta

- Når det gjeld det faglege innhaldet er det administrasjonssjefen sitt ansvar å sjå til det at dette er forsvarleg utgreidd, seier Sanden.

- Du rettar igjen skulda mot administrasjonen. Kan ikkje dette bli oppfatta som voldsamt?

- Eg påpeiker det som er fakta i saka, seier Sanden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser