Hopp til innhold

– Sanden må ta skulda

Ordførar Arne Sanden (Ap) må endre arbeidsmetodane sine, og ta all skulda i konflikten med rådmannen, meiner gruppeleiarane i Lærdal kommunestyre.

Arne Sanden

Gruppeleiarane i Lærdal kommunestyre er kritiske til måten ordførar Arne Sanden har handtert konflikten på.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dei meiner Sanden har oppført seg på ein uakseptabel måte. Gruppeleiarane skriv mellom anna at «kommunestyret, og ingen andre, har mynde til å tilsetje og/eller seie opp ein administrasjonssjef.» Dei presiserer og at ordføraren ikkje har fått fullmakt frå kommunestyret til ein slik framgangsmåte.

- Uakseptabel oppførsel

Dette kjem fram i tilrådinga frå gruppeleiarane framfor det ekstraordinære kommunestyremøtet onsdag27. januar, der dette er einaste sak på saklista.

Tilrådinga til vedtak frå gruppeleiarane i Ap, Sp, SV, Høgre og Venstre kan ikkje oppfattast anna enn som knallhard kritik av ordføraren i Lærdal. I tilrådinga slår dei fast at rådmannen har både rett og plikt til å seie frå der han finn det rett etter lover og fullmakter.

- At rådmannen leverte protokolltilførsel i budsjettsaka og sa frå til formannskapet om det han meinte var forvaltningssstridig, er naturleg og ikkje kritikkverdig, skriv dei.

- Alvorleg sak

To ekstrene fagfolk har vore inne i saka for å mekle mellom dei to, utan hell. Krangelen har fått stor mediemerksemd, ikkje minst då ordføraren valde å halde ei pressekonferanse der han fortalde sin versjon av saka. Eit samla formannskap frårådde ordføraren å halde pressekonferansen. Sanden valde likevel å gjennomføre den.

- Han må difor ta ansvar for at ei intern sak i Lærdal kommune har utvikla seg til ei mediesak som har ramma kommunen, rådmannen og ordføraren hardt.

Gruppeleiarane minner også om at ordføraren er samrøystes vald av kommunestyret for å utføre gjerninga i samarbeid med formannskap og kommunestyre.

- Då kan ikkje ordføraren handle stikk i strid med råd frå eit samla politisk miljø i kommunen, slik ordførar Arne Sanden har gjort i denne saka. Lærdal kommunestyre ser alvorleg på desse sakene, heiter det i tilrådinga.

- Ventar endring

Gruppeleiarane er ikkje nådige med Sanden. No ventar gruppeleiarane at han endrar arbeidsmåten sin framover, og at han og rådmannen legg striden bak seg og samarbeider.

Gruppeleiarane er samde i at konflikta har råka heile lærdalssamfunnet hardt, og at det er Sanden som står ansvarleg for det.

Lars Petter Nesse, fungerande ordførar, nektar å kommentere saka før møtet i kommunestyret.