Hopp til innhold

Tilsette støttar rådmannen

Lærdalsordførar Arne Sanden snakkar ikkje sant, hevdar tilsette på rådhuset.

Pressekonferanse
Foto: Steinar Lote / NRK

– Lærdalsordførar Arne Sanden snakkar ikkje sant når han hevdar han ikkje har truga rådmann Bent Arild Grytten, seier to tilsette i administrasjonen i Lærdal.

– Fekk beskjed om å slutte

Både assisterande rådmann Jon E. Tamnes og personal- og organisasjonsleiar Inger Bakken reagerer sterkt på Sanden si framstilling under pressekonferansen i går.

Begge dei to deltok på eit av møta der Grytten skal ha vorte truga av ordføraren.

– Sanden snakkar usant når han går ut på denne måten. Rådmannen fekk klar beskjed om å seie opp jobben sin, seier dei.

Sint og trugande

Ikkje nok med det; oppseiinga skulle leverast inn i løpet av dagen. Sanden var svært sint og verka trugande, og dei andre som var på stades torde ikkje å seie noko.

Men Sanden står på sitt, og under pressekonferansen i går angra han ikkje på noko som helst.

Sanden vil ikkje kommentere dei nye opplysningane i saka.