Hopp til innhold

Med barnet på armen gjekk sambuaren til angrep på den nybakte mora

Med det nyfødde barnet på armen gjekk sambuaren til fysisk angrep på ho på fødestova. Årsak: Ho skulle få besøk av eit familiemedlem.

Over fleire år blei kvinna utsett for vald frå sambuaren sin. No er mannen i 30-åra dømd til åtte månader i fengsel.

Kvinna og mannen var gjennom fleire år i eit forhold prega av at tiltalte var sjalu og hadde ei kontrollerande åtferd.

Under den eine graviditeten, blei mannen sint. Han tok tak rundt kvinna og klemde til. Etter dette hadde ho vondt i magen og blei redd at for at det hadde skjedd noko med fosteret. Ho tok difor kontakt med legen dagen etter.

Han skal også ha klaska til kvinna på fødestova, medan han heldt det nyfødde barnet armane sine. Han var sint fordi kvinna skulle få besøk.

Frykta for livet

Retten er heller ikkje i tvil om at han blant anna ved eit tilfelle tok kvelartak på fornærma. Dette skjedde kvelden før ein barnedåp. Barnet vakna og kvinna gjekk for å roe barnet. Tiltalte blei sint fordi han meinte far til kvinna hadde blanda seg inn.

Han tok tak i overarmane hennar og rista dei. Ho bad han slutte fordi dei eldste barna såg på. Då tok han sambuaren med seg rundt hushjørnet, skubba ho oppetter veggen og tok kvelartak. Kvinna har forklart at ho blei redd og frykta for livet sitt.

Etter at ho klarte å bryte ut av forholdet fekk kvinna sjikanerande meldingar frå ekskjærasten i lang tid.

Må sone i fengsel

Sogn og Fjordane tingrett ser alvorleg på den fysiske valden mannen utførte. Det er også skjerpande at krenkingane skjedde medan fornærma var i ein sårbar situasjon og at barn har vore til stades.

I formildande retning legg retten vekt på at saka er gamal og at det er fleire år sidan forholdet tok slutt.

Sogn og Fjordane tingrett har no dømd mannen til åtte månader i fengsel. Han må også betale 70.000 kroner i oppreisingserstatning. Mannen slepp å betale sakskostnader.