Hopp til innhold

Barnehagepersonell har saman blitt betre i jobben

EIKEFJORD (NRK): Borna i Eikefjord Barnehage kan glede seg over at dei tilsette har fått heva kompetansen.

Kompetanseheving i barnehagane

PLANTAR: Borna får delta og utvikle arbeidet rundt plantekassen, saman med assistent i Eikefjord barnehage Solrunn Bolstad.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Det som er nytt med det pilotprosjektet høgskulen det siste året har gjennomført er ei samankopling mellom PUB, som er vidareutdanning for pedagogar og Kompass, som er vidareutdanning for barnehageassistentar.

Felles opplevingar og felles referansar

Leiar for prosjektet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Aud Marie Stundal, trur denne typen fellesutdanning av ein heil barnehage kan vere framtida.

– Det trur eg veldig. Ofte tenkjer ein at ein eller to kan reise på kurs. Så kjem dei tilbake og synest sjølv dei har hatt fagleg utbytte. Men så kan det vere vanskeleg å få sett det ut i livet. Med dette prosjektet så har alle lese same faglitteratur og felles opplevingar, så eg trur denne forma er komma for å bli.

Aud Marie Stundal

HÅPAR FLEIRE FÅR SJANSEN: Aud Marie Stundal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner prosjektet har vore vellukka.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Assistentane hadde sin eksamen tidlegare i juni, medan pedagogane skal ha første del av sin todelte eksamen i Førde onsdag.

Samansveisa på ein ny måte

Assistent i Eikefjord barnehage, Solrunn Bolstad, fortel at det har fungert bra at dei tilsette har tatt vidareutdanning saman.

– Eg synest det har vore veldig kjekt å vere med på prosjektet. Vi har blitt samansveisa på ein ny måte. Vi har hatt mål vi har sett og vi ser vi får det til og at borna trivast.

Stundal fortel at idéen til vidareutdanningsprosjektet vart forma ut av Høgskulen i Sogn og Fjordane saman med fylkesmannen, på bakgrunn av kunnskapsdepartementets strategidokument "Kompetanse for framtidas barnehage". Ho håpar Høgskulen kan få løyvingar til å føre prosjektet vidare.

Solrunn Bolstad

SAMHALD: June-Anne Nordnes er tenesteleiar i Eikefjord Barnehage. Ho fortel at borna er med på å utvikle hageprosjektet vidare.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Vi fekk ekstra løyving til å gjennomføre utdanningane og så skal det skrivast ein rapport til hausten. Departementet og utdanningsdirektoratet som har løyvd pengar er på jakt etter å få denne typen dømer. Det er spennande om vi kan få løyvingar til barnehagar som ser at dette kan vere ein måte å drive kompetanseheving på.