Arkivfoto NRK
Det er eit selskap i Ålesund som no krev 20 millionar kroner i erstatning etter forliset. I tillegg vurderer Sogn og Fjordane Politidistrikt å etterforske saka.
Eigar frå Uruguay
9.februar i år forliste fiskefartyet "Marie" utanfor Somalia. "Marie" var eigd av selskapet Odansir i Uruguay, som leigde ut båten til Ålesund-selskapet Somarco. Ervik Havfiske frå Selje er aksjonær i Odansir og står dermed ansvarleg for båten som forliste.
Senka med vilje?
Somarco har trekt fram ei rekkje forhold kring forliset som dei meiner er mistenkelege. Dei går langt i å antyde at skipet vart senka med vilje. Difor har dei stemna blant andre styret i Ervik Havfiske for retten og krev 20 millionar kroner i erstatning. På grunn av stemninga har dei saksøkte bede om at politiet etterforskar saka for å få avkrefta skuldingane.
Politiet vurderer etterforsking
Ingen av partane har formelt meldt saka til politiet, men politiet vurderer likevel å sette i gang etterforsking, seier leiar for økoteamet i Sogn og Fjordane politidistrikt, Terje Gjertsen.
Forsikringssummen er utbetalt
Etter havariet sette forsikringsselskapet i gang rutinemessige undersøkingar. Mellom anna vart den norske skipperen frå Vanylven og den norske maskinisten frå Selje avhøyrde. Direktør i forsikringsselskapet Havtrygd, Knut Misje, stadfestar at forsikringsoppgjeret for fartøyet på rundt åtte millionar kroner er utbetalt, skriv Sunnmørsposten i dag.
Avgjerda om politiet vil etterforske saka kjem i løpet av måndag.