Laget har møtt Volda og Eid, men dei planlagde kampane mot Ålesund 2 og Sogndal har gått i vasken. Avlysingane har gått ut over kvaliteten i førebuinga til dei viktige kvalik-kampane, meinar strynetrenar Dagmund Evebø.
Ikkje uroa over formen
Det er no over ein månad sidan Stryn spelte siste ordinære seriekamp, og første kvalifiseringskampen, som venteleg blir mot HamKam 2, blir truleg først spelt 5. eller 6. november. Trass den lange ventetida er Dagmund Evebø ikkje uroa over den fysiske formen til spelarane. Treningskampane mot Volda og Eid har vore solide med 4-1 og 6-1 sigrar, uroa er først og fremst kva som skjer når laget blir sett under press.
Håpar på kamp til helga
Trass i vanskane med å finne høvelege sparring-partnerar håpar strynetrenaren at dei i alle fall får lykkast i å få til ein ny treningskamp til helga.