Hopp til innhold

Saga skal suge på karamellen

Det vart cupexit og 2-6 heime for eliteserielaget Sogndal. Cupavansement var det ingen av Saga-spelarane som trudde på.

Benny Rivedal

NØGD: Benny Rivedal og Saga er nøgde, trass 2-6 og cupexit mot Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var to lag med heilt ulike erfaringar frå cupen som søndag kveld møttes til førsterunde oppgjer på Førde stadion.

Sogndal med sine 51. førsterundekampar sidan dei kom med i cupen i 1959, var soleklare favorittar mot 3. divisjonslaget Saga i deira debut i den første cuprunda. Som venta var det stor skilnad mellom laga.

- Dei er betre enn oss, og vinn fortent. Samstundes gjer vi ein ok kamp og scorar to mål. Det er kjekt, seier kaptein Benny Rivedal.

Scora mål

Tippeligalaget stilte med toppa lag. Einaste andrelagsspelar frå start var Thomas Eriksen Ness. Ulrik Flo var einsam svale frå A-lagstroppen på benken.

  • Alt frå dagens NM-runde ser du i "Veien til Ullevaal" på NRK1 frå klokka 22.45.

Den tapande cupfinalisten frå 1976 var førande frå A til Å, med unntak av ein liten periode etter kvilen.

- Vi snakka om det på førehand å ikkje ha respekt, og ikkje vere redd for nokon. Enkelte fekk litt høge skuldrar, og har ikkje overblikk heile tida. Men det er skilnaden på kvifor nokon spelar i Tippeligaen og nokon i 3. divisjon, seier kapteinen.

Justerte i pausen

Etter kvilen gav Odd Anders Vie heimepublikumet håp om cupbombe då han reduserte Sogndal si 3-0 leiing ved pause.

- Då blir det litt action, og vi har sjansen til 3-2 like etter. Vi vågar å spele litt meir i andre omgang, seier Rivedal.

- Vi låg litt lågare, med ein deffensiv midtbanespelar. Dei slo mykj ei bakrom i første omgang, og eg føler vi fekk drepe dette i andre omgang. Det jamna seg litt meir ut, seier trenar Kenneth Leirvåg.

Overtid

I tillegg til Vie si redusering etter kvilen, sette innbyttar Steffen Fjørstad inn kampens siste mål på overtid.

- Dei var fysisk sterkare og raskare enn oss, men det var artig å få prøve seg mot eit så godt lag, sa målscorar Vie etter kampen.

Venta det verre

I andre enden fekk Saga-keeper Frank Tore Tveit nok å bryne seg på utover kampen. Kampen var berre fem minuttar gamal då Ole Jørgen Halvorsen, med sola i ryggen, sette eit raskt frispark rett i mål.

I tillegg scora Espen Olsen, Ulrik Flo og Cato Hansen (2) måla for Sogndal. Magnus Breilid var i tillegg uheldig å sette ballen i eige mål.

- Det er kjipt å sleppe inn mål, men eg hadde ikkje venta at det skulle bli så veldig mykje betre. Eigentleg var skilnaden overraskande liten, men eg tvilar på at dei spelte 100 prosent, seier Tveit.

Slepp å ta beina fatt

Med eit budsjett på 400 000 kroner, gav første cuprunde kjærkomne midlar i kassa. Etter kampen rekna klubben med å ha tent kring 80 000 kroner på at dei slo Fjøra i andre kvalifiseringsrunde .

For trenar Kenneth Leirvåg betydde cupexiten at han slepp å gå til bortekampen mot Bjarg i Bergen.

- Og godt er det. Eg følte det ikkje var store sjansen å ta å komme med den uttalen, seier Leirvåg.

- Heiderleg

Cupkampen kunne ikkje fått ei flottare råme, med strålande sol og kring 700 tilskodarar på tribunen. Inga cupbombe vart detonert på Førde stadion, men publikum fekk sjå åtte mål i løpet av 90 minuttar.

Saga var truleg den minste klubben i første runde, men 3. divisjonsklubben var langt frå dei som slapp verst frå det mot eliteseriemotstand.

- Vi har ingenting å skjemme oss over. Det er heiderleg, seier Rivedal som sjølv har fortid som spelar i Sogndal.

- Eg er godt nøgd med resultatet. 2-6 høyres greitt ut for vår del, legg Leirvåg til.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.