Hopp til innhold

Saga Fjordbase utvidar i Florø

Optimismen i oljenæringa gjer at Saga Fjordbase i Florø no utvidar basen for nærare ti millionar kroner. Nyleg har dei inngått kontrakt på kjøp av eit område som tilsvarar 10 fotballbanar.

- Vi utvidar for å møte veksten som er venta i oljenæringa, seier direktør Agnar Strømsnes.

80 fotballbaner

Basen i Florø med 100 tilsette skaffar seg no store område for å kunne vekse. I løpet av mai vil kring 10 mål vere klar til bruk, og akkurat no er dei ferdige med forhandlingane for kjøp av 60 mål til. Tilsaman vil dei disponere nærare 500 mål, noko som tilsvarar 80 fotballbaner.  

I tillegg er Saga Fjordbase i ferd med å byggje ein ny kai som skal auke kapasiteten. På trappene er også eit nytt senter for rørhandtering.

- Dersom investeringane fører til nye ordrar kan det og bli på tale med fleire tilsette, seier Strømsnes. 

Høg oljepris

I næringa generelt er det den høge oljeprisen på rundt 70 dollar som skaper optimismen. For få år sidan rekna dei fleste rundt 35 dollar fatet som ein naturleg pris. Men aukande global etterspurnad etter olje samt uro i fleire oljeproduserande regionar gjer at stadig fleire byrjar å tru på at oljeprisen vil halde seg høg.