Hopp til innhold

Sa unnskyld etter at han raste mot førarkort-forslag

Ein av mange som har kome med hets om Senterpartiet sitt forslag om førarkort til flyktningar, seier no unnskyld for måten han skreiv på.

Judy Ramo og Johan Rame

LEI SEG: Johan Rame (til høgre) vart lei seg då han som kommentarane i saka han stilte opp i.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Saka om Senterpartiet som foreslår å gje flyktningane i Lærdal førarkort, har ført til sinne i kommentarfeltet på Facebook.

«Ein kan heller spandere fly tur heim at so Norge kan vere Norge slik det ein gang var», skreiv ein i kommentarfeltet under saka.

Facebook-kommentarar
Foto: Skjermdump

«Flyktningane får vel bil også da, etter at dei har tatt førarkort Dei får alt opp i henda utan å gjere noko som helst. Er det rart at det blir rasisme?», skriv ein annan.

Vart lei seg

Kommentarane såra Johan Rame, som sjølv er flyktning og stilte opp i artikkelen.

– Eg vart lei meg. Eg veit ikkje kva eg skal seie, eg synest det er vanskeleg.

Facebook-kommentarar
Foto: Skjermdump

Rame synest folk skal få vere ueinige, men at dei ikkje treng å legge att ufine kommentarar.

– Ein kan jo berre seie at ein ikkje er einig eller kome med sitt forslag, i staden for å vere usakleg. Det dei skriv om flyktningar er ikkje kva saka handlar om.

Sa unnskyld

Personen som foreslo å spandere flytur på flyktningane la att kommentaren med open profil. Då NRK ringde ville han ikkje at namnet hans skulle nemnast.

Han skjøner at det ikkje er kjekt for Johan å sjå slike kommentarar.

– Eg er imot at flyktningar skal kome til Noreg, og difor skreiv eg det eg skreiv. Eg har sterke meiningar, men det er ikkje sikkert det er så kjekt for dei som var med i artikkelen, seier han.

Plutseleg ber han NRK helse Johan og seie unnskyld. Han veit sjølv korleis det er å bli mobba.

– Eg kan godt slette kommentaren, og du kan helse han å seie unnskyld. Men eg er redd for landet mitt, seier han.

– For mykje hets

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, har full forståing for at folk ikkje er einige i saka, men synest folk har altfor lett for å skrive ufine kommentarar i sosiale medium.

Jan Geir Solheim, Lærdal kommune kan ha øydelagt 1000 år gammalt kulturminne

VANSKELEG: Det blir vanskeleg å rekruttere politikarar når dei får så mykje hets i sosiale medium.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Folk bør tenke seg nøye om. Mange har for lett for å trykke på send-knappen. Vi skal ikkje drive med hets og rasisme, det er langt under ein kvar form for akseptabel åtferd.

Solheim meiner stygg språkbruk på internett er eit aukande problem.

– Det er for mykje hets i sosiale medium og det gjer at det er vanskeleg å rekruttere politikarar. Eg trur nesten det er verre for kommunepolitikarar, eg får det både munnleg og på internett.

Han oppmodar folk frå begge sider av saka til å ytre seg sakleg.

– Eg utfordrar og oppmodar folk til det, slik at vi får ein balansert meiningsutveksling, seier Solheim.