Hopp til innhold

Synest du det gjer vondt å trene hardt? Du kan trøyste deg med at Øyvind har det verre...

OSLO (NRK.no): Kvar gong Øyvind Strømmen Kjerpeset (22) skal konkurrere, veit han at det kjem til å gjere uuthaldeleg vondt.

Øyvind Strømmen Kjerpeset på Bislett

KLAR FOR INNSATS: Her er Øyvind Strømmen Kjerpeset i gang med førebuingane til 400 meter hekk på Bislett. Han veit at dei neste minutta blir vonde.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det er mange som meiner 400 meter hekk er den tøffaste distansen i friidrett. Saman med 400 flatt og 800 meter er det distansar som baserer seg på anaerobt uthald og mjølkesyre. Det blir ekstremt mykje mjølkesyre - og ganske vondt både når ein spring og etter løpet, seier Kjerpeset til NRK.no.

22-åringen tok seg onsdag fullstendig ut på 400 meter hekk på Bislett. Då var han så sliten at han måtte setje seg ned for ikkje å svime av. Det gjekk over ein time før han let seg intervjue av NRK.

– Eg heldt på å gå i bakken ei god stund. Det var ikkje noko moro. Eg gjekk slik i kjellaren, at eg ikkje var meg sjølv, seier Kjerpeset.

– Det er smertefullt, og ikkje for alle

Tenk deg at du som mosjonist er ute og pressar deg på trening. Mest sannsynleg synest du det er ubehageleg og vondt. Du kan trøyste deg med at utøvarane på dei tøffaste distansane i friidrett truleg har det betydeleg verre...

– Trenaren min har forska ein del på det der. På ei hard trening kjem ein vanleg person kanskje opp i eit laktatnivå på åtte, dersom han tek seg skikkeleg ut. På ein 400 meter hekk er ein oppe i 25 - og av og til opp mot 30. Og det er vondt. Veldig vondt. Spesielt for sprinterar, som kanskje ikkje har den gode kondisen heller, så svir det, forklarer Kjerpeset.

– Men for all del, eg som sprinter har forferdeleg vondt når eg spring langkøyring også, for eg produserer syre med éin gong. Men 400 er smertefullt, og ikkje noko som passar alle.

(Artikkelen held fram under videoen)

Øyvind Strømmen Kjerpeset heldt på å svime av og måtte setje seg ned då han skulle til intervju etter løpet på Bislett.

I KJELLAREN: Øyvind Strømmen Kjerpeset var så sliten at det heldt på å svartne for han i intervjusona på Bislett.

Står i ro med makspuls i ti minutt

På Bislett enda Kjerpeset sist i det sterke feltet sitt. Med tida 51,50 var han langt bak sin eigen norske rekord på 49,95. Han låg på skjema til den norske rekorden etter åtte hekkar - men så var det bom stopp dei siste hundre metrane.

Kjerpeset er klar på at den mentale biten er viktig framfor løp. På startstrek veit han at han skal springe så fort kroppen maktar i 50 sekund. Framfor han ventar ei total utladning.

– Du bryt meir eller mindre saman på slutten på grunn av syre. Du føler du ikkje klarer å bevege beina, og at ein berre står i ro på slutten. Den store smerten for meg kjem ikkje før to minutt etterpå. Då kjem det ein veldig muskelverk, kombinert med svimmelheit, kvalme og oksygengjeld.

– Då prøver eg å overleve på beste måte medan eg står med svært høg puls i ti minutt. Det er minutt som er veldig, veldig vonde. Sjølv om eg står i ro, så blir det ikkje betre, forklarer Kjerpeset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Strømmen Kjerpeset på Olympiatoppen

OFFENSIV: Øyvind Strømmen Kjerpeset meiner han allereie denne sesongen har kapasitet til å senkje den norske rekorden på 400 meter hekk med eitt sekund.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Lite som skal til før det losnar

Onsdag var Kjerpeset var nær ved å svime av etter kraftutladninga. Han er også til vanleg svært sliten etter løp, men denne gongen tyder mykje på at han kanskje ikkje hadde fått i seg nok væske før konkurransen.

Det var nok ikkje ei god oppladning til ei så stor kraftprøve.

– 400 meter i maks tempo gir underskot på oksygen og opphopning av mjølkesyre, som bremser muskelkontraksjonane. Det er noko av det tøffaste ein kan gjere som idrettsutøvar, seier trenar og professor Eystein Enoksen.

Han forklarer vidare:

– Ein godt trent utøvar er i stand til å tole høgare laktatverdiar, samstundes som dei også produserer meir mjølkesyre. I tillegg er 400 meter hekk ei hard øving fordi det kombinerer hurtigheit, kraft og stayerevne - og på toppen kjem at det er teknisk krevjande.

Kan ha vore dehydrert under løpet

Etter onsdagen er det ting som tyder på at Kjerpeset var dehydrert då han sprang Bislett Games. Han skal no i dialog med ernæringsfysiolog for å finne ut meir.

Trenar Enoksen meiner eleven har potensial til å springe den norske rekorden ned på 48-talet denne sesongen. Det er i tilfelle eitt sekund raskare enn rekorden frå i fjor.

– Har de vurdert å justere målsetjingane for sesongen etter det som har skjedd?

– Eg står fullt og heilt for det eg sa før sesongen. Og det er ikkje så mykje som skal til før det losnar. Hadde eg vore i den forma eg trudde eg skulle vere i ,så hadde eg sett norgesrekord no, seier Kjerpeset.

Eystein Enoksen (t.v.) og Øyvind Strømmen Kjerpeset

JAKTAR SVAR: Trenar Eystein Enoksen (t.v.) og Øyvind Strømmen Kjerpeset forsto lite etter at 22-åringen møte veggen på Bislett. No viser det seg at Kjerpeset kanskej kan ha vore dehydrert før start.

Foto: Rune Fossum / NRK