Sa nei - men kan likevel få mottak

Kommunen har sagt nei, men det kan likevel bli asylmottak i Årdal.

Årdalstangen

NY SØKNAD: Hero har lagt inn ein ny søknad om å få drifte asylmottak i Årdal.

Foto: Atle Romøren
Anna Gytri
Journalist

Selskapet Hero har nemleg søkt om å få drive mottak i industrikommunen, skriv Sogn Avis.

Arild Ingar Lægreid

SA NEI: – Vi brukte det verkemiddelet vi hadde då vi stemde nei i mars, seier ordførar Arild Ingar Lægreid til Sogn Avis.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Planane går ikkje lenger ut på å opprette mottak på Sitla hotell og brannstasjonen i Øvre Årdal, men ifølgje Atle Berge i UDI skal det no dreie seg om eit desentralisert mottak med bustader både på Årdalstangen og i Øvre Årdal.

Når det gjeld tal plassar er det framleis snakk om 150, seier han til avisa.

Formannskapet i Årdal sa nei til planane om eit mottak i kommunen i mars, men dette vedtaket er no omgjort av Fylkesmannen, ifølgje Sogn Avis.

Berge meiner kommunen er godt eigna for eit mottak, og viser til at det er mange tomme bustader og bygningar. Han seier også til avisa at nedskjering i kommunal sektor vil gjere det lettare å rekruttere personale til eit mottak.

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) seier politikarane i kommunen har vore klare på at dei heller vil busetje flyktningar enn å få asylmottak.

I Stryn har Norsk Folkehjelp nyleg lagt planane om eit asylmottak på is inntil vidare. Her var den lokale motstanden stor, og like før søknadsfristen vart også eit av bygga som var tenkt som mottak selt til lokale eigarar.

Etter mange år med reguleringar, ser det no ut som om Makrellstørjebestanden er tilbake. I helga dro Tore Hillersøy 190 opp frå havet.
Florø vann 4-0 mot Fana i Florø. Det er trenar Terje Rognsø godt nøgd med.
I dag blei Norges brattaste tilrettelagde tursti opna i Jølster. I to år har sherpaer frå Nepal jobba for å gjera stien opp Lundeskaret trygg.