Planane om å plassere 60 asylsøkjarar i Loen og 95 i Innvik har møtt sterk motstand frå både kommunen og innbyggjarane.
Trygve Augestad i Norsk Folkehjelp seier dei har lagt merke til dette, og at dette saman med problem med å finne gode nok bygg til å huse asylsøkjarane gjer at dei legg planane på is.
– Vi har framleis lyst å jobbe vidare med Stryn, og jobbar vidare for å få til eit godt asylmottak der. Men vi greier ikkje få det til innanfor den anbodskonkurransen som er utlyst no.
– Difor legg vi førebels planane på is, seier han til NRK.no fredag føremiddag.
Kjøpte opp bygget som var tenkt til mottak
Ordførar Sven Flo i Stryn har kalla prosessen rundt opprettinga av eit asylmottak i kommunen har gått for fort og vore udemokratisk. Kommunen gjekk første høyre om planane i starten av april.
På eit folkemøte sist veke opplyste representantar frå Norsk Folkehjelp og UDI at verken kommunen eller bygdefolket kan stogge planane dersom mottaket i Stryn er best økonomisk og kvalitetsmessig.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men planane til Norsk Folkehjelp blir altså no skrinlagde. I går vart det kjent at Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra har kjøpt Loen Hotel, bygget som var planlagd som asylmottak.
Hotelldirektør Richard Grov seier dei gjer dette for å sikre nok leilegheiter til dei mange arbeidsinnvandrarane i bygda, og avviser at det heng saman med det planlagde asylmottaket.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
– Sjeldan stor motstand
Augestad i Norsk Folkehjelp vil ikkje kalle oppkjøpet for spikaren i kista for asylmottaket, men vedgår at dette bidreg sterkt til at dei ikkje kjem i land med planane.
Samtidig er han klar på at det er svært viktig for dei å kome innbyggjarane i møte.
– Norsk Folkehjelp har følgd med på dei diskusjonane som har vore, både i Innvik og i Loen rundt denne mottaksetableringa. Vi har teke inn over oss signala som er kome i forhold til å spreie plassane meir, og vi har heile tida jobbe for å sjå på moglegheiter for andre lokalitetar i området, seier Augestad.
– Kva tenkjer du om motstanden dokke har møtt?
– Eg vil nok seie at det har vore sjeldan stor motstand mot planane i Stryn. Samtidig er mykje av den i forhold til at ein skal kunne gi asylsøkjarane og flyktningane eit godt tilbod, og protestane har gått på om planane våre vil innebere eit godt nok tilbod.
– Slik sett viser det ein omtanke for dei som skal kome, og det gir oss trua på at vi kan klare å få til eit godt tilbod ved eit seinare høve.
Kan bli aktuelt seinare
Uansett har dei ikkje greidd å få til ei ordning med ei meir spreidd lokalisering av asylsøkjarane, og med oppkjøpet av Loen Hotel har dei heller ikkje nok plassar.
– Vi har leita med lys og lykt for å finne eigna bustadmasse i Stryn, men kjem ikkje i mål til den anbodsfristen som er.
– Difor legg vi planane førebels på is, og håpar vi kan kome til bake med eit godt tilbod for å drive asylmottak i Stryn ved neste korsveg.