Hopp til innhold

Så nær var Sveen å sikra tre poeng

Ole Amund Sveen var svært nær å sikre skåring for Sogndal i kampen mot Tromsø. Men oppgjeret enda 0–0 på Fosshaugane

Ole Amund Sveen

SVÆRT NÆR: Ole Amund Sveen var millimeter unna å setje ballen i mål bak Tromsø-keeper Gudmund Taksdal Kongshavn på Fosshaugane.

Foto: Christian Blom / NTB Scanpix

– Eg er litt skuffa, vi fekk ikkje heilt til spelet vårt. Vi kunne kanskje skåra i 1. omgang, men alt i alt greitt med uavgjort. Eg burde putta den, men den kom litt brått på meg. Eg prøvde å setje ballen i lengste hjørnet, men stonga stod i vegen, seier Sveen til NRK.

Han er vel vitande at i dag kunne han sjølv ha sikra tre poeng, dersom ballen hadde gått i mål i staden for i stonga.

– Vi møter eit lag som legg seg veldig lågt for å tette att bakover, og då er det ikkje berre-berre å bryte ned muren og skåre. Vi lukkast ikkje heilt i dag, dessverre.

– Ikkje ein festkamp

Sogndal-trenar Eirik Bakke var litt skuffa etter kampen, men han lot seg imponere over Tromsø som lag seg bak i frykt for Sogndal sitt angrepsspel.

– Tromsø baud vel ikkje opp til fest, så det blei jo ikkje ein festkamp slik sett. Vi møtte eit veldig kompakt Tromsø-lag. Det vanskelegaste er vel å spele mot lag som legg seg så lågt. Men det seier vel litt om kor langt vi har kome når dei kjem hit og tek omsyn til at vi har blitt berykta å spele mot. Vi er vel det beste laget, men på den andre sida var det vel greitt med uavgjort.

Eit skår i gleda over nok eit poeng i eliteserien, var likevel at Babacar Sarr måtte ut med skade.

– Likar ikkje heilt når han går ut av kampar, det betyr at han har fått seg ein skikkeleg karamell. Vi får sjå i morgon kor alvorleg det er, men vi håpar å ha han tilbake til måndag.

Nøgd med eit poeng på bortebane

Tromsø-trenar Bård Flovik var nøgd med uavgjort mot Sogndal på Fosshaugane, sjølv om "gutan" hadde fleire gode sjansar, særleg i starten av 1. omgang.

– Vi møter eit godt lag som hadde Rosenborg i kne i førre heimekamp. Veldig nøgd med at vi hentar poeng etter at vi hadde tre kampar på bortebane utan poeng. Dette var viktig for oss mot eit godt heimelag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..