NRK Meny
Normal

Så mange har stemt via internett

Det har vore stor pågang for å prøve ut internettrøysting til kommune- og fylkestingsvalet.

Liv Signe Navarsete og E-røysting

NØGD: Liv Signe Navarsete er svært nøgd med at så mange som 3181 personar har røysta via internett så langt.

Foto: Fotomontasje: Ane Lindahl/Sondre Dalaker / NRK

Internettrøysting vert i år testa ut i ti kommunar i Norge. Berre i løpet av det første døgnet har 3181 personar i prøvekommunane nytta seg av tilbodet.

Det gleder kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

– Dette synst eg er veldig lovande, seier Navarsete til NRK.

– God løysing for sofaveljarane

Det er veljarane i Bremanger, Bodø. Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund som i år kan røyste via internett.

På den måten kan dei sitje i sofaen og slepp å gå ut av huset for å gje si røyst. Det er noko Navarsete trur kan gje auka valdeltaking.

– Det blir i alle fall veldig lettvint når ein kan gå på nettet og gi røysta der, seier Navarsete.

Dette lovar godt

Og det er tydelegvis fleire som synst dette med røysting over internett freista. Det er vel 160 000 personar i dei ti forsøkskommunane, og i løpet av dei 24 første timane har over 3000 av desse nytta seg av høvet til å gje si stemme over internett.

– Dette gjer meg optimistisk og får meg til å tru at mange kan kome til å stemme på denne måten, seier Navarsete til NRK.

– Dette er også hemmeleg val

Men det er ikkje alle som applauderer røystinga over internett. Valforskar Frank Aarebrot er blant dei som har kritisert ordninga og har oppmoda til boikott.

– Hemmeleg val er ei rett for borgarane og ei plikt for statane å ivareta. Ved denne elektroniske stemmegivinga sviktar staten og overheld ikkje plikta si til å sjå til at alle borgarar stemmer hemmeleg. Ved stemmegiving i ukontrollerte omgjevnader kan ikkje staten sjå til det, seier Aarebrot til NRK.

Navarsete har registrert motstanden som kjem frå både Aarebrot og andre. Ho meiner likevel at ankepunktet til Aarebrot om hemmeleg val er ivareteke.

– Vi meiner dette er ivareteke ved at ein kan stemme fleire gonger. Dersom ein har blitt påverka av nokon kan ein seinare, om så i løynd, gå inn å stemme på nytt, seier ministeren.

Vegopning på Bergum i Førde kommune