NRK Meny
Normal

Krev at stor-Nordfjord blir vurdert

Eid Høgre krev at heile Nordfjord som éin kommune blir teke inn att i arbeidet med kommunereforma. Men Stryn vil ikkje høyre noko av det.

Tore Hjelle

ILLE: Tore Hjelle seier det er ille og vanskeleg å forsvare for komande generasjonar at stor-Nordfjord ikkje blir vurdert.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er utruleg ille at vi ikkje skal få ei utgreiing som seier litt meir om korleis ein stor, samanslått kommune i Nordfjord vil bli. Slik som det ligg an no skal ein greie ut veldig mange kombinasjonar, medan det som kanskje for mange er det opplagt beste ikkje blir greia ut, seier gruppeleiar i Eid Høgre, Tore Hjelle.

Lokallaget har bede Venstre-ordførar i Eid, Alfred Bjørlo om å ta saka opp i Nordfjordrådet. Bjørlo kjem til å gjere det, og seier til NRK at faktagrunnlaget som inngår i det andre utgreiingsarbeida i Nordfjord, gjer at det ikkje treng å bli mykje ekstraarbeid dersom ein vel å ta stor-Nordfjord inn att i vurderingane.

Stryn: – Nei, heilt uaktuelt

Nyleg tok ni Sunnfjord-kommunar eit steg nærare samanslåing. Hjelle og Eid Høgre ser sørover for inspirasjon. Og dei meiner Hornindal, Stryn, Gloppen, Eid, Vågsøy, Selje og heile eller delar av Bremanger, har eit endå betre grunnlag enn Sunnfjord for samarbeid.

– Det som skjer der er veldig spanande og det er gale om vi ikkje skal få til noko liknande her oppe. Nordfjordingane har alltid vore sterkt knytte opp imot kvarandre, innan både politikk, kommune, næringsliv, idrett og kultur.

Då det vart avgjort at stor-Nordfjord ikkje vart ein del av utgreiingane, var det Stryn og Hornindal som streta mot. Og håpet til Hjelle om ei ny vurdering er nok ute før Eid-ordføraren rekk å ta saka til Nordfjordrådet.

Sven Flo

ORDFØRAR: Sven Flo.

Foto: Bård Siem / NRK

– Svaret vårt er veldig klart: nei. Vi har ikkje det som ein av modellane, og det er ikkje aktuelt, seier Stryn-ordførar Sven Flo (H).

– Vanskeleg å forsvare

Hjelle understrekar at han ikkje konkluderer med at ein storkommune er den beste løysinga, men undrar seg over at det ikkje eingong blir vurdert.

– Det er ei forsøming av politikarane i Nordfjord. Vanlegvis ber politikarar om å få alle fakta på bordet, og då verkar det veldig rart at dei ikkje vil greie ut dette alternativet. Viss framtidige generasjonar spør kvifor i all verda ingen vurderte Nordfjord-alternativet, trur eg det kjem til å bli vanskeleg å forklare, seier Helle.

Stryn-ordføraren – som rår over ein kommune som i Nordfjord vurderer ulike samanslåingsalternativ med kommunane Hornindal, Eid og Gloppen – har derimot forklaringane klare.

– Vi meiner éin storkommune i Nordfjord ikkje tener våre innbyggjarar, vi meiner det er eit kontrollspenn geografisk som blir vanskeleg å drifte, vi ser ikkje på det som ei framtidsretta løysing, og vi vil ha eit visst tempo på dei utgreiingane vi allereie held på med, seier Sven Flo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.