Hopp til innhold

Kraftig røykutvikling på plattform – mannskap mønstra i livbåtane

Mannskapet måtte i livbåtane då det byrja å ryke kraftig frå ein separator i prosessanlegget på Snorre B.

Snorre B-plattformen

ARKIVFOTO: Snorre B er ein plattform i blokk 34/4, kring sju kilometer nord for Snorre A, på Snorrefeltet.

Foto: Øyvind Hagen / Equinor

Morten Eek

PRESSETALSMANN: Morten Eek seier Equinor mønstra beredskapsorganisasjon og varsla andre etatar etter røykutviklinga på Snorre B.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Mannskapet har no returnert frå livbåtane til bustadkvarteret. I 17-tida opplyste pressetalsmann i Equinor, Morten Eek, til NRK at situasjonen var avklara og under kontroll.

Dermed blir også den enorme beredskapen avvikla.

– Det er ikkje lenger fare for at det skal utvikle seg til brann. Det har vore kraftig røykutvikling, og mange har måtte jobbe for å handtere situasjonen og syte for at folk er godt ivaretekne, seier Eek.

Ukjend årsak

Alarmen gjekk like over klokka 13 onsdag då mannskap om bord på plattforma varsla alarmsentralen til Equinor om kraftig røykutvikling. Det var lenge uvisst om det var brann på plattforma som ligg 70–80 nautiske mil vest av Florø.

Snorre B er for tida under oppgradering og reparasjon. Det er difor ingen produksjon om bord og heller ingen fare for at olje eller gass skulle byrje å brenne.

Nils Ole Sunde, redningsleiar HRS

KONTROLL: Redningsleiar ved HRS, Nils Ole Sunde, seier Equinor sjølve fekk kontroll på situasjonen. – Ein har gått over i ein fase der ein har vald å ta folk ut av livbåtane og tilbake til bustadkvarteret, seier han.

Foto: Erlend Frafjord / NRK

Equinor opplyser at røykutviklinga skjedde i ein separator i prosessanlegget i samband med vedlikehaldsstogg. Separatoren, skil olje, gass og vatn frå kvarandre og er på ein annan del av plattforma enn bustadane.

Årsaka til røykutviklinga er ukjend.

– Ei granskingsgruppe skal sjå nærare på kva som er årsaka til røykutviklinga i dette området, seier Eek og ventar at reperasjonsarbeidet etterkvart kan starte opp att.

Ingen skadde

Selskapet vurderte heile tida om dei 121 personane på plattforma skulle evakuerast. Eek opplyser til NTB at ingen personar er skadde.

I tillegg sette helikopter frå Equinor og fleire båtar i området kursen mot plattforma. Florø Quality Hotel vart gjort klart til eit eventuelt evakueringsmottak.

Hovudredningssentralen fekk den første meldinga klokka 13:24. Dei sende eit redningshelikopter frå Florø, samt fleire fartøy frå Forsvaret til staden.

– Equinor jobbar framleis med å få full kontroll på situasjonen. Beredskapen blir halden oppe til det er normalsituasjon på plattforma, seier redningsleiar Nils Ole Sunde ved HRS.

Pårørandetelefon

Eek seier at personellet om bord er godt trente på slike hendingar. Då alarmen gjekk, fekk folk om bord melding om å gå til mønstringsstasjonane.

– Dei som ikkje har beredskapsoppgåver førebur seg for ei evakuering, opplyste Eek.

Like over klokka 15 fekk Vest politidistrikt melding om at situasjonen såg ut til å vere i betring.

– Leiinga på plattforma meinte dei skulle klare å handtere dette sjølve, seier Rebnord.

I samband med hendinga har Equinor oppretta eit telefonnummer for familiar med personell om bord Snorre B: 800 500 20.

Brann i 2006 og 2010

Snorre B er ein plattform i blokk 34/4, kring sju kilometer nord for Snorre A, på Snorrefeltet i Nordsjøen. Den vart bygd av Aker Stord og starta produksjonen i juni 2001.

Plattforma er ein integrert halvt nedsenkbar bore,- produksjons- og bustadplattform.

I 2006 gjekk vel 100 personar i livbåtane då det byrja å brenne i tavlerommet på Snorre B. I 2010 vart 129 personar mønstra i livbåtane då det byrja å brenne i ein kraftturbin.

Snorre B