Hopp til innhold

Rykker opp i 1. divisjon

Det var stor spenning då det i helga skulle avgjerast kven som var dei beste golfspelarane i 2. divisjon lag-NM på Solastranden Golfklubb i Stavanger.

Odd-Anders Vie, Donovan Goosen, Andreas Årseth, Marcus Gamborg og Arnar Helgheim

VINNARANE: Odd-Anders Vie, Donovan Goosen, Andreas Årseth, Marcus Gamborg og Arnar Helgheim.

Foto: Solastranden Golfklubb

– Vi hadde ein veldig tett og jamn fight med Haugesund og ikkje minst Voss, seier Arnar Helgheim.

Saman med kaptein Donovan Goosen, Odd-Anders Vie, Andreas Årseth og Marcus Gamborg har han i helga vore i Stavanger for å forsvare Sunnfjord Golfklubb si ære i lag-NM.

Og det var spanande heilt til siste slutt, for etter tre rundar stod Sunnfjord golf klubb og Voss Golfklubb likt med 532 slag kvar.

–Det var svært heilt fram til det vart offentleggjort at det var vi som hadde trekt det lengste strået, seier ein nøgd Helgheim.

Dermed er det klart at Sunnfjord Golfklubb, med heimebane i Jølster rykkjer opp i 1. divisjon.

– Det er ei fjør i hatten for oss, og ekstra kjekt med tanke på at klubben i år har 25-års jubileum, seier Helgheim.