– Dette budsjettet tek vare på nynorsken, seier ein nøgd statssekretæren Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H).
Han ramsar opp ei liste av nynorske tiltak og organisasjonar som skal få auka økonomisk støtte i det nye statsbudsjettet for 2015.
Borgundvaag nemner Nynorsk Kultursentrum, Nynorsk Pressekontor, Samlaget, Noregs Mållag og Det Norske Teatret.
– Dårleg nytt for nynorsken
Ein som derimot er usamd med Borgundvaag, og meiner forslaga i statsbudsjettet er dårleg nytt for nynorsken, er dagleg leiar i Nynorsk Forum, Ottar Grepstad.
Forumet er eit samarbeidsorgan som arbeider for å fremje nynorsken.
– Vi har nok ulik oppfatning av røynda, statssekretæren og nynorsk miljøet, seier han og meiner at det aldri har vorte satsa så lite på nynorsk som no.
Føreslo institusjonar
Nynorsk Forum føreslo til saman fire nynorske institusjonar og tiltak som dei meiner er svært viktig for nynorsken og som det er absolutt nødvendig å satse på. Dette gjeld Landssamanslutninga av nynorske kommunar (LNK), Nynorsk Avissenter, Norsk ordbok og Det Norske Teatret.
LNK og Nynorsk Avissenter kom svært dårleg ut, regjeringa ynskjer nemleg ikkje å støtte dei økonomisk i det heile tatt.
I det samla kulturbudsjettet frå tidlegare år vart nynorske tiltak tildelt 3,4 prosent i 2000 og 3,3 i 2005. Men for 2015 er den heilt nede på 2,6. Trass i at statssekretæren ramsar opp fleire som kjem til å få auka tilskot, så er røynda noko anna meiner Grepstad.
– Auka er mindre enn lønnsveksten slik at det i realiteten er ein realnedgang til alle dei nemnde institusjonane, presiserer han.
- LES OGSÅ:
LNK er svært oppgitt
LNK er ei interesseorganisasjon med over 120 medlemmar. Tidlegare har kulturdepartementet gjeve eit lite tilskot på 1,1 million kroner. Det meiner me av prinsipielle grunnar ikkje er riktig å vidareføre, nettopp fordi det er ein interesseorganisasjon.
–Med så mange medlemmar og ein auke i kontingenten så er budsjettet deira dekt. Så dette meiner eg ikkje er dramatisk for LNK, seier statssekretæren.
Solfrid Borge, styreleiar i LNK seier at det er for lettvint å påstå at det ikkje er nødvendig å vidareføre støtta til LNK fordi det er ein interesseorganisasjon.
– Staten tar ikkje ansvar for å halde oppe nynorsk kultur og språk og då må LNK gjere noko med. LNK driv med mykje meir enn å pleie medlemmane sine, seier ho.
Borge fortel vidare at kontingenten som dei tek inn frå medlemmane er ein liten kontingent. Den går til den generelle drifta.
I tillegg jobbar dei blant anna med å fremje nynorskopplæring i barnehage og skular.
Dei driv også digitale oppslagsverk slik som framtida.no som er det einaste nynorskføretaket for ungdom på nett. Ho nemnar at det er blitt mykje betre enn det har vore ein stund, men staten har på langt nær lagt skikkeleg til rette for opplæring på nynorsk.
Treng hjelp for å leve vidare
Nynorsk Avissenter, som heller ikkje er blitt løyvd pengar, vart oppretta i 2013. Dei rekrutterar nynorskbrukarar som ynskjer å bli journalistar. Avissenteret har ikkje vore inne på statsbudsjettet som ein eigen post før. Tidlegare har dei fått støtte frå andre aktørar som har gjort det mogleg for Avissenteret å drive prosjektet.
No ynskjer dei å gjere det om til ei stifting for å få permanent og langsiktig drift. At regjeringa ikkje har rom til dei i det nye statsbudsjettet, seier dagleg leiar Ivar Longvastøl kan få konsekvensar for Avissenteret.
Longvastøl fortel at det er viktig å ha dyktige nynorskjournalistar som meistrar digitale medium. Det er avgjerande for at nynorske aviser skal ha den viktige posisjonen dei har i dag, slik at dei kan halde oppe nynorsk som eit moderne og levande språk.
– Dersom me ikkje kjem inn i statsbudsjettet så vil det seie at me må stenge dørene om to månadar, seier Longvastøl.
- LES OGSÅ:
Framleis optimistiske
Nynorsk Forum, LNK og Nynorsk Avissenter fortel at dei ikkje har gjeve opp og at dei kjem til å arbeidde aktivt for å få viljen sin til det endelege statsbudsjettet.
Avissenteret har allereie hatt eit møte med KrF og Venstre som dei er svært nøgde med.
Statssekretæren derimot bekreftar at det er blitt gjort noko endringar, men avsluttar med å seie at det alt i alt er eit godt budsjett for nynorsken.