Nynorsk kultursentrum får 17,8 millionar kroner i driftsmiddel i framlegget til statsbudsjett for 2015. Dette er 300 000 kroner meir enn dei fekk i førre budsjett, men mindre enn den venta pris- og lønsveksten.
– Det gjer meg skuffa, men som før skal Nynorsk kultursentrum vise at vi får mykje ut av lite, seier styreleiar Lodve Solholm.
Få alt om statsbudsjettet i Møre og Romsdal her.
– Dette er ille
Solholm seier at Nynorsk kultursentrum har fullført alle større prosjekt innanfor budsjett og auka marknadsinntektene med nesten 50 prosent dei siste tre åra.
– Vi har gjort det vi sa vi skulle gjere og fått barn og unge meir i tale enn kulturinstitusjonar flest. Det ser ikkje slik ut i statsbudsjettet, seier Solholm.
– Det er ille at regjeringa vil kutte hele løyvinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar no når alle kommunar skal drøfte si eiga framtid. Vi hadde også venta at regjeringa no hadde avklara framtida for Norsk Ordbok, seier Solholm.
– Regjeringa satsar mindre på nynorsk
Den nasjonale institusjonen Nynorsk kultursentrum med hovudsete i Ørsta driv fleire museum og festivalar på Vestlandet. For 2015 søkte institusjonen om 1,6 millionar kroner meir for 2014, ein auke på 9 %.
Framlegget til statsbudsjett inneber at ein jamt mindre del av statlege midlar går til nynorsktiltak, meiner Nynorsk kultursentrum. Dei har utvikla ein nynorskindeks der summen av alle statlege løyvingar til nynorsktiltak blir rekna i prosent av kulturbudsjettet. I 2010 utgjorde nynorskløyvingane 3,2 %, mot berre 2,6 % i 2015-budsjettet.
– Regjeringa måtte ha satsa 70 millionar kroner til berre for å halde nivået frå 2010, seier Ottar Grepstad som er direktør for Nynorsk kultursentrum.
Svakare offentleg satsing svekker marknadsinntektene
Som andre kulturinstitusjonar arbeider Nynorsk kultursentrum hele tida med å auke marknadsinntektene. Dei tre siste åra auka institusjonen desse inntektene med 48 %, opplyser dei sjølve.
– Det var auken i offentlege tilskott som sette oss i stand til å skape større eigeninntekter. No blir det vanskelegare, seier direktør Ottar Grepstad.
Saman med marknadsinntekter og andre eigeninntekter har løyvingane frå Stortinget dei siste åra sett senteret i stand til å gjere det vi sa vi skulle gjere då vi tok på oss å utvikle Hauge-senteret i Ulvik, meiner Grepstad.
– Senteret har vore i avgrensa drift like sidan 2011, og difor veit vi mykje om kva vi treng dei neste åra.
Eit samla nynorskmiljø skal neste veke drøfte statsbudsjettet på eit møte.
Se direktesending fra NRK Møre og Romsdal om statsbudsjettet her: