Hopp til innhold

Nynorsk avissenter utan støtte - har starta kampen om pengane

Null kroner var sett av i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett til Nynorsk Avissenter. No har leiinga starta jobben med å få dette endra til det endelege budsjettet blir vedteke.

Praktikantar i Nynorsk Avissenter går ei uviss framtid i møte.

UVISSE: Kva som skjer med Nynorsk Avissenter i framtida er uvisst. Regjeringa har ikkje sett av pengar til drift i forslaget til statsbudsjett, pengar som senteret med leiar Ivar Longvastøl i spissen, er avhengige av.

Foto: Stain Aase

– Det er skuffande, men for så vidt ikkje uventa. Likevel hadde vi håpt at regjeringa ville strekke ut handa og støtte nynorsken og nynorsk presse gjennom vårt prosjekt, seier Ivar Longvastøl, som leiar Nynorsk Avissenter.

Han er ein av dei som sat skuffa igjen etter å ha leita etter pengetildeling i forslaget til statsbudsjett. I april var kulturminister Thorhild Widvey på besøk for å høyre om kva erfaringar senteret hadde gjort. Då hadde senteret allereie søkt om 2,2 millionar kroner, men desse pengane har ikkje Widvey funne rom for å dele ut.

Avissenteret er eit nasjonalt opplæring- og kompetansesenter med base i avisa Firda i Førde. Prosjektet starta opp i 2013, og målet er å styrke nynorskavisene rundt om i landet og nynorskbruken i media.

Avhengige av stønaden

– Når vi ikkje er inne, så må vi arbeide mot støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti, og dei har vi hatt god kontakt med allereie. Vi har starta jobben med det. Bjørn Lødemel frå Høgre sa også rett ut på pressekonferanse i dag at dette er eit av prosjekta han gjerne skulle hatt med, fortel Longvastøl.

Planen er å gjere senteret om til ei stifting, og skal ein lukkast med må det statlege løyvingar til.

– Vi søkte om 2,2 millionar per år frå Kulturdepartementet, av eit budsjett på i underkant av 3 millionar, seier Longvastøl.

Trur du at de lukkast med å kome inn på det endelege budsjettet?

– Det er vanskeleg å vurdere, men det er det vi jobbar for. I tillegg til å vere eit nasjonalt prosjekt, så har vi, saman med NRK, laga eit lokalt kompetansemiljø, av den typen alle verksemder politikarar snakkar om i festtalar. Dersom dei meiner alvor med det, så kan dei vise det no, seier Longvastøl.

Støttepartia Venstre og KrF kan vere løysinga

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, seier dei har arbeidd med å få løyvingar til senteret inn på budsjettet.

– Vi har spelt det inn, men det er ikkje kome med. Det er tøff kamp for mange prosjekt, og vi får med noko, men ikkje alt, seier Lødemel.

Han vil arbeide for at løyvingar til senteret kjem inn på budsjettet.

– Eg vil sjekke med støttepartia Venstre og KrF om kva prioriteringar dei gjer, og om dette er ei sak dei ynskjer å køyre fram, seier Lødemel.