Hopp til innhold

Rutil-nei frå Naturvernforbundet

Eit samrøystes landsmøte i Norges Naturvernforbund seier nei til planen om utvinning av rutil i Engebøfjellet i Vevring.

Elkem Tana, Austertana
Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

Det er selskapet Nordic Mining som ønskjer å ta ut rutil i Engebøfjellet. Det var Naturvernforbundet sitt fylkeslag i Sogn og Fjordane som reiste saka .

-Enorme miljøkonsekvensar

- Vi ser at det vil vere enorme miljøkonsekvensar av ei rutilutvinning i Engebøfjellet. Store delar av Førdefjorden kan bli livlaus i driftsperioden, ein fjord som Stortinget har freda som nasjonal laksefjord. Det er heilt uakseptabelt å spele russisk rullett med livet i fjorden, slik ei utvinning vil gjere, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund.

Fryktar livlaus fjord

- Men det er snakk om mange arbeidsplassar her?
- Ja, men det er samtidig snakk om store øydeleggingar. Ein må skaffe sysselsetting på andre måtar enn å øydeleggje ein heil fjord.
- Kva blir konsekvensen dersom det blir rutilutvinning?
- Vi fryktar at store delar av fjorden vil bli livlaus i 40-50 år, og at det vil få store konsekvensar for økologien i fjorden også etter dette.

Føre var-prinsippet

Landsmøtet i Naturvernforbundet viser til at deponering av enorme mengder knust fjell i Førdefjorden, blanda med kjemikalium, har så alvorlege konsekvensar at føre var-prinsippet må gjelde.

Planen er at rutil-utvinninga skal gje 170 arbeidsplassar og gje milliardinntekter til Nordic Mining.