Hopp til innhold

Jobbar for å ha eksamen før russetida - men møter kraftig motstand hos rektor

Høgre vil ha Sogn og Fjordane som prøveordning for eksamensfri russefeiring

Foto utanfor Vinmonopolet

DEN STORE FESTEN: Markeringa av 13 års skulegang må ikkje kollidere med eksamen, meiner Unge Høgre. Her ser ein tidlegare russ i Førde. Illustrasjonsfoto

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lise May Sæle

MEINER EKSAMEN ØYDELEGG: Gode vitnemål blir skjemde av dårlege eksamensresultat på grunn av russefeiringa, meiner Lise May Sæle i Unge Høgre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Russetida er komme for å bli, og då må samfunnet leggje til rette for at russen skal kunne feire på fornuftig vis, seier Lise May Sæle.

Ho er leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, og meiner festing i mai kan øydeleggje viktige eksamensførebuingar for russen. No jobbar ho for at fylket skal få ei prøveordning med eksamen før russetida.

Utslitne før eksamen

– Mange har gode standpunktkarakterar, men så øydelegg eksamenskarakteren – kanskje fordi dei er bakfulle etter ein russefest, eller har vore oppe heile natta, seier Sæle.

Ho legg til:

– Mange er totalt utslitne når dei kjem til eksamensperioden.

«Russeferinga startar tidleg, og det kan den gjerne gjere også – men då får det vere i helgane.»

Torild Natvik, fung. rektor ved Eid vidaregåande skule

Skeptisk rektor

Torild Natvik

DÅRLEG IDE: Fung. rektor Torild Natvik ved Eid vgs. er lite lysten på å flytte eksamen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ikkje alle er begeistra over forslaget frå ungdomspartiet. Fungerande rektor ved Eid vidaregåande skule, Torild Natvik, likar ikkje tanken på å framskunde eksamen og dermed kutte ned på undervisingssåret.

– Russefeiringa er privat, og skule er skule. Det viktigaste med skulen er at elevane skal ha eit vitnemål og ha ha så gode karakterar som mogleg. Då må dei konsentrere seg om skulen, seier ho.

Rektoren trur ein måtte fjerna både haust- og vinterferien, dersom eksamen skulle komme tidlegare.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Rødruss

ALKOHOL OG EKSAMEN: Russefeiring er for mange synonymt med fest og alkohol. Då passar det dårleg med viktige eksamenar, meiner Unge Høgre.

Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

Støtte frå Høgre sentralt

Lise May Sæle meiner at det bør gå bra å framskunde avsluttande eksamen. Unge Høgre har alt fått positive signal frå utdanningsministeren, og i stortingsgruppa er dette på langt nær nytt tankegods.

Henrik Asheim Høyre

POSITIV: Utdanningspolitisk talsmann i Høgre, Henrik Asheim, ser gjerne at eksamen hadde blitt flytta fram, og at russetida kom noko seinare.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Standpunktet har også Høgre sentralt hatt. Det kan vere mogleg å fått ei semje med russen om å legge russetida noko seinare, og eksamen noko tidlegare, seier partiet sin utdanningspolitiske talsmann i Stortinget, Henrik Asheim.

Ber russen kose seg – i helgane

Gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Sogn og Fjordane, Noralv Distad, vil jobbe for saka.

– Dette er eit sterkt ønskje frå ungdommen, seier han til NRK.

Men rektoren i Nordfjord er usamd. Natvik opplever ikkje at russeferinga er eit stort problem i skuletida.

– Russen er flink. Dei kosar seg og festar i helgane. Så er dei her på kvardagane og tek skulen på alvor. Eg trur russen i Sogn og Fjordane er veldig flinke til dette.