No står brukarane utan tilbod, og tidlegare dagleg leiar Einar Hammerseth er bitter på kommunen, som ikkje ville gå inn med støtte.
Jobbtilbod til rusmisbrukarane
Florø Ettervern for Rusmisbruk vart eit eige selskap for fem år sidan. I tillegg til møte for rusmisbrukarar har dei også hatt eit jobbtilbod for å aktivisere folk. På det meste hadde dei ti rusmisbrukarar i full jobb.
- Mangel på økonomisk styring
Men no er selskapet konkurs, bustyraren seier årsaka er mangel på økonomisk styring. Til dømes vart det ikkje levert rekneskap ein periode. Florø Ettervern for Rusmisbruk skuldar no ein halv million kroner, det meste er ubetalt moms.
- Straffar seg på lang sikt
Då kommunen avslo søknaden om 250.000 kroner i støtte, spente dei samtidig beina på selskapet, meiner Hammerseth, som trur det kan kome til straffe seg på lang sikt.
- Ikkje anna val enn å avslå
Hammerseth meiner altså at rusmisbruk vil bli eit aukande problem i Flora uten Florø Ettervern for Rusmisbruk. Men ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal, seier dei ikkje hadde noko anna val enn å avslå søknaden. For selskapet har fått 80.000 kroner i året frå før.
Nytt behandlingstilbod
I august startar kommunen eit nytt behandlingstilbod for rusmisbrukarar. Frøyen Steindal seier at at dei som er råka av konkursen vil kunne få hjelp her.