Hopp til innhold

Ruskevêr gir snøfest i fjellet

Dårleg vêr er ikkje berre ein nedtur. Skianlegga på Vestlandet jublar over store snømengder.

Sogndal skisenter i dag.

UTVIDA ANLEGGET: Førebuingane til årets sesong har gått føre seg sidan skisenteret stengde førre sesong.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Snøen kom tidleg i år, så det blei litt julaftan på kjerringa for oss, det må vi innrømme, men vi klarte det, seier dagleg leiar ved Sogndal skisenter Per Odd Grevsnes.

Ved Sogndal skisenter er dei klare til storinnrykk, to veker før dei vanlegvis opnar. På onsdag opna dei den første skiheisen. I morgon opnar heile anlegget.

– Då blir det bonanza, lovar Grevsnes.

Dagleg leiar ved Sogndal skisenter, Per Odd Grevsnes, bak disken.

GODT BESØKT: Det er alltid travle dagar når skiheisane skal opnast.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Mykje snø i Nordfjord

Også ved Hornindal skisenter er det godt føre.

– Vi har mykje snø, ja, og det er ein kjekk start på sesongen, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard.

Langrennsløypene opna for to veker sidan, mens trekka opnar i morgon.

– Det er ein kjekk start på sesongen når det er så mykje snø, seier Tomasgard.

Hornindal skisenter

SESONGSTART: Dei har mykje snø i Hornindal skisenter.

Foto: Jørn Nesdal

Får studiepoeng for å stå på ski

Elevar frå linja «Ski og surf» ved Nordfjord folkehøgskule var nokre av dei som hadde tatt turen til trekket i Sogndal skisenter i dag.

– Føret var herleg! Det var litt skare innimellom, og litt vanskeleg å sjå når det snør så mykje, men det er jo gøy!

Det seier Helene Just frå Oslo. Det var ikkje første gong ho og venninna Hanna Fossen Nordal stod på ski denne sesongen.

– At dette er november er litt sjukt eigentleg. Det er så mykje snø! Det er heilt herleg, seier Just.

Elevar ved Nordfjord folkehøgskule Hanna Fossen Nordal og Helene Just.

TESTA SKIFØRE: Hanna Fosse Nordal og Helene Just frå Nordfjord folkehøgskule koste seg på ski.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Hektiske dagar

Per Odd Grevsnes synest det er godt å komme i gang med sesongen.

– Vi jobbar heile sommaren og hausten med å førebu akkurat desse dagane her, og det er god stemning og folk som kosar seg, seier han.

Han meiner snøen som kjem no blir liggande.

– Vi har fått så mykje snø no at vi satsar på å halde ope til 1. mai, fortel han.

Treng ikkje snøkanonar

– Vi ser at vi kunne hatt snøkanonar i nokre område, men dette er eit av dei anlegga som har minst bruk for snøkanonar i Norge. Men det kan godt hende at vi må til med det, og vi ser at klimaet er i endring og vi får middels sesongar, fortel Grevsnes.

Eit mildare klima gjer og nye utfordringar til snøskredvarslinga.

– NVE varslar snøskredfaren frå 1. desember, men det har allereie gått fleire skred i Sogndalen, seier Grevsnes.

Han oppfordrar difor folk som går toppturar utanfor skianlegga om å vere varsame.

Grevsnes er optimist før sesongen.

– Eg trur vi får mange flotte skidagar i vårt anlegg. Vi veit at vi er eit av dei anlegga som kanskje har mest laussnø i landet fordi Jostedalsbreen gir oss tørrare snø. Sogndal skisenter er eit snøhol, slår Grevsnes fast.

Skiløyper i Sogndal skisenter.

NOK SNØ: Skiløypene i Sogndal skisenter er klare for sesongen.

Foto: Synne Ulltang / NRK